Etter at leiaren i Fana Mållag, Oddvar Skre, gjekk bort i fjor, har mållaget komme i ein kinkig situasjon. Ingen i styret ønskjer å ta på seg leiarvervet, og to av fem medlemmer i styret ønskjer ikkje attval.
Styre-rekruttering
Fana Mållag vart skipa i 1905, og tel 128 medlemmer, etter at laget fekk 27 nye medlemmer i fjor. Det er altså eit gammalt, ærverdig lag som aukar i medlemstal.
– Men me treng eit arbeidande styre for å halda aktivitetane oppe. I det sitjande styret er det to som ønskjer seg og, og tre som kan bli verande. Men ingen har kapasitet til å ta på seg leiarvervet, fortel Ingvild Bræin i mållaget.
Siste moglegheit
Torsdag kveld klokka 19.00 i Fana kulturhus har mållaget invitert til ope medlemsmøte.
Der innleier leiaren i Noregs Mållag, Peder Lofsnes Hauge, før påtroppande teatersjef ved Den Nationale Scene, Solrun Toft Iversen kåserer.
Men den viktigaste saka på medlemsmøtet blir diskusjonen om Fana Mållag skal leggjast ned, og om laget i sin heilskap skal søkja seg over i Bergen Mållag. Det er det siste alternativet som det sitjande styret går inn for.
Dersom andre medlemmer melder seg til teneste i styret, i første rekkje leiarvervet, men og som styremedlemmer, kan lokallaget haldast oppe.
– Me håpar medlemmene i Fana Mållag forstår kva for ein prekær situasjon laget no står i, og at så mange som mogleg tek turen til Fana kulturhus. Det er opp til medlemmene å avgjera kva som skal skje med Fana Mållag, seier Bræin.
Om Fana Mållag skulle bli lagt ned, vil institusjonar som hefta Fanajul, kalender og historiske årsskrift forsvinna.
– Ser fram til debatten
– Eg synest jo det er litt trist om medlemmene vel å leggje ned Fana Mållag. Då er det jo eit kapittel i målsoga som eventuelt blir lukka, seier Peder Lofsnes Hauge, leier i Noregs Mållag.
Hauge seier at mållaget frå tid til anna opplever at lokallag blir lagt ned.
– Det er slik i organisasjonslivet, ikkje berre i mållaget, at ein del lokallag er avhengige av enkeltpersonar som gjer ein enorm innsats over mange år. Då kviler det mindre ansvar på dei andre i laget. Om det ikkje finst menneske som har tid og krefter til å gjere jobben med å halde liv i lokallaget, så blir det krevjande. Eg ser fram til diskusjonane i Fana Mållag torsdag, og tenkjer at det viktigaste er at dei 129 medlemmene i laget får ein arena for det viktige arbeidet sitt. Om dei går inn i Bergen Mållag blir det eit større miljø, og mindre press på enkeltpersonar, seier Hauge.