fanaposten.no

Vi må hjelpe fleire elevar til å fullføre vidaregåande

Meninger · Publisert 11:11, 14 aug 2019

Det er mykje som går bra i norsk skule. Elevane lærer meir, dei er meir til stades, og fleire fullfører og består. Men framleis er det utfordringar vi må løyse, som at ein av fire ikkje fullfører vidaregåande opplæring.

Høgre har eit ambisiøst mål om at 5000 fleire skal fullføre vidaregåande kvart år innan 2025. Innan 2030 skal ni av ti gå ut med eit vitnemål eller eit fagbrev i handa. Med eit arbeidsliv som stiller stadig strengare krav til formell kompetanse, er dette heilt avgjerande. Fråfallet gjev grunn til uro, fordi det kan få store konsekvensar for dei det gjeld, både sosialt og når det gjeld moglegheita for å få jobb.

Årsakane til fråfall er samansette. Difor treng vi nasjonal, regional og lokal handling for å nå målet vårt. I Vestland må vi samarbeide med kommunane for å gi alle born eit best mogleg utgangspunkt frå barnehagen, gjennom grunnskulen og vidare inn i vidaregåande. Vi har gjort mykje. Vi har gitt historisk mange lærarar tilbod om vidare utdanning. For Vestland betyr det at over 4000 lærarar har fått tilbod om dette. Vi har innført ei plikt for skulane til å gi intensiv opplæring i lesing, skriving og rekning for 1.-4.-klassingar som står i fare for å falle etter, og vi har innført ei fråværsgrense i vidaregåande. Men vi vil vidare.

For det første vil vi innføre ei varslings- og oppfølgingsplikt for skulane, for å fange opp elevar frå første fråværsdag. I 2018 fekk vi for første gong fråværsstatistikk for 10. klasse. I Hordaland er elevane borte i snitt 6 dagar og 5 timar kvart skuleår, medan snittet i Sogn og Fjordane er 5 dagar og 2 timar. Desse elevane går glipp av mange timar og dagar med viktig undervisning, som kan vere heilt avgjerande for fagleg og sosial meistring. Det skapar kunnskapshol, som kan vere vanskelege å tette. Difor vil vi at skulane skal gjere meir når elevene er mykje vekke.

For det andre vil vi innføre ei plikt for skulane til å samarbeide om overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande. Ofte sviktar det i oppfølginga av elevane i denne sårbare fasen. Difor vil Høgre at skulen skal gi elevane den hjelpa dei treng for å meistre den nye kvardagen.

For det tredje vil vi styrke laget rundt eleven med helsesjukepleiarar, betre rådgivingsteneste og sosialfaglege tilsette, som bidreg til eit betre læringsmiljø og mindre mobbing. Fordi det faktisk er slik at du må trivast for å lære.

Vårt løfte er eit løfte til alle dykk born og unge i Vestland, og til dykk foreldre. Det er ambisiøst, men vi korkje kan eller vil slå oss til ro med at elevane våre ikkje får like moglegheiter. Noreg og Vestland på sitt beste er når vi greier å skape ein skule med moglegheiter for alle.

Fana får fylkets flotteste tannklinikk

I løpet av høsten starter byggingen av en ny offentlig tannklinikk i Teiglandbygget.

Marius Lie 9 år

Marius Lie blir 9 år mandag 19. august. Gratulerer så mye med dagen! Klem fra farmor, mamma, pappa, Maria og resten av familien.

Børster støvet av store Nesttun-planer

Utbyggingen som kan gi en stor utvidelse av Nesttun sentrum ble lagt i en skuff for flere år siden. Nå er planleggingen i full gang igjen.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten