fanaposten.no

Illustrasjonsfoto fra en barneskole. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Var vi på samme foreldremøte, Andrine Bruland?

Vi var nok på det same møtet, men eg og du sit nok att med eit nokså ulikt inntrykk, skriv Egil Helle.

Meninger · Publisert 10:29, 30 aug 2018

(Andrine Brulands innlegg i Bergens Tidende om foreldremøtet ble en av ukens store nyhetssaker. Det hadde sitt utspring fra en lokal skole i Bergen sør. Innsenderen er forelder ved samme skole, og ønsker å svare på fremstillingen til Bruland).

Eg måtte lese innlegget ditt i Bergens Tidende fleire gonger før eg var sikker på om vi hadde vore på det same foreldremøtet til 5.trinn. Eg høyrde også litt av di meining om det på NRK Hordaland. Det var nok det same møtet, men eg og du sit nok att med eit nokså ulikt inntrykk.

For det første er nok dei fleste som var på møtet godt nøgde med ein dyktig rektor. Ho er ei tøff dame som stiller krav til både oss foreldre og alle sine tilsette. Ho inviterer til dialog på møter med foreldra, og svarar sakleg på alt. Eg er glad for at vi har eit klima for det, slik at folk vågar å spørje om det dei lurer på og komme med framlegg til forbetringar utan å bli uglesedde. Skulen har også mange dyktige lærarar, nokre av dei heilt fantastiske. Dei har mykje av æra for at det er ei super elevgruppe på 5.trinn.

Vi er heldige som på foreldremøtet kan diskutere litt mindre alvorlege ting, og ikkje har ein skule som er helseskadeleg, har store problem med mobbing eller ukvalifiserte lærarar. Det er heilt naturleg at det blir stilt spørsmål om ting som foreldra lurer på, mellom anna det nye lovverket som omhandlar korleis skulen skal hjelpe born, som blir utsett for til dømes mobbing, fungerer. Det er også heilt innafor å diskutere sikker skuleveg. Så kan eventuelt skulen be kommunen utføre tilsyn av skulevegen i staden for at tusen foreldre skal ta kontakt med kommunen kvar for seg. Det er og greitt for skulen å få spørsmåla samla på eit foreldremøte, i staden for å bruke mykje tid gjennom heile skuleåret på å svare dei enkelte foreldra.

Når det gjeld symjeundervisning har du nok feilsitert læringsmålet. Det var faktisk eg som tok det opp. Takka vere at eg sjølv fikk symje kvar 14. dag gjennom heile grunnskulen kan eg no ta med både eigne ungar og venene deira på badeland. Mine ungar er heldigvis trygge i vatnet. Dette tok eg opp fordi eg også bryr meg om dei andre ungane på skulen. Kvart år druknar det dessverre born i Noreg som ikkje kan symje. Det har blitt betre på skulen vår, men Beren kommune har lagt på jumboplass når det gjeld symjeundervisning, og dei færraste skulane har basseng. Til informasjon hadde eg ei jente på same skule som fekk 4 gonger 30 minutt i basseng i løpet av 7 år. Då med personale frå SFO. Når det gjaldt garderobefasilitetar så var det lærarane som tok det opp, og fekk til svar at det gjekk greitt for oss å sende med klesbyte og ein vaskeklut.

Når det gjeld faren som tok opp spørsmålet om psykisk helse på timeplanen, og har eit barn som stiller djupe spørsmål, så hadde du kanskje visst kven det var om du hadde teke deg tid til å bli kjend med trinnet. Han er far til ein gut som har hatt langt større utfordringar gjennom eit 10 år langt liv en dei fleste av oss nokon gong kjem til å møte. Han er også ein far som brukar enormt med tid på ungen sin. Du kan godt vere så vaksen at du tek kontakt med han og ber om orsaking.

Eg opplevde ingen av foreldra på møtet som korkje sinte, uhøflege eller usakleg kritiske. Eg er litt forundra over at du som psykolog ikkje oppfattar stemninga betre. På skulen vår er det tvert i mot mange engasjerte foreldre. Vi har folk til FAU og klassekontaktar. Det blir arrangert tilstellingar og vennegrupper, og lærarane får mykje skryt i fora som egnar seg for det. Det er og mange som engasjerer seg som trenarar på fotball og anna idrett. Fleire kveldar i veka, i all slags ver, for at dine og mine ungar skal ha det bra også etter skuletid. Eg opplever på ingen måte at desse foreldra trur at deira oppgåve er over når permisjonstida er slutt. Så får du ha oss unnskyldt for at ikkje alle spørsmål og framlegg er like presise og gjennomtenkte, men eg er veldig glad for at det er lov å stille "dumme" spørsmål. Vi møtte i alle fall på foreldremøte i år igjen fordi vi bryr oss om skulen og elevane. Vi kjem til å stille neste år også.

Eit godt råd til deg som psykolog og mor. Du skal få det gratis. Dersom du blir så oppskaka som dette over eit foreldremøte, og finn ut at du må skrive til avisene om det i staden for å ta det opp på foreldremøtet. Sov på det ei natt før du handlar.

Slåtthaug ligger sist på ny statistikk om frafall: - Veldig overrasket

Slåtthaug vgs ligger nederst på en statistikk som viser hvor mye skolen bidrar til at elever gjennomfører og består videregående. – Nå må vi finne ut...

Håvard ni hundredeler fra pallen

Oppløftende 1000-meter fra Fana-løperen. Sverre Lunde Pedersen vant B-gruppen på 5000 meter.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten