fanaposten.no

Vann fra Lyshorntunnelen skal slippes ut i Fanafjorden. Det samme gjelder vann fra anleggsplassen i Rådalen. Foto: Leserfoto

- Uhaldbart å påføra Fanafjorden så stor belastning

Oddvar Skre skriv om vegvesenets planar om å sleppe ut slam i Fanafjorden.

Meninger · Publisert 09:23, 5 mai 2018

Fanaposten skriv 27. april at Statens Vegvesen har søkt om mellombels løyve ut 2019 til å sleppa ut forureina vatn på 35 meters djup i Fanafjorden. Samstundes søker dei om å få auka grenseverdien av suspendert stoff (slam) frå 200 til 300 mg/l.

Det aktuelle området ligg utanfor Stendaholmen, der Fana Steinknuseverk og Bergen kommune heilt sidan Pålamyrsbekken blei lagt i rør på 1980-talet, har slept ut kloakken frå fyllplassen i Rådalen, og berre 200 meter frå eit registrert gyteområde. I følgje dykkarar som har vore nede og sett, er det lite liv å sjå på botnen, etter 30 år med dumping av miljøgifter. No blir det altså søkt om å få dumpa endå meir der. Høyringsfristen er 22. mai.

Bakgrunnen for søknaden frå Statens Vegvesen er behovet for å bli kvitt anleggsvatn med slam frå tunnelbygginga i Rådalen og frå steintransporten i samband med bygginga av ny E39 frå Os til Rådal.

Dei fleste som har kjørt Fanavegen i det siste, har nok registrert feiebilane som samlar opp dette støvet. Det mange ikkje veit, er at slammet med det oppsamla støvet blir dumpa i eit stort samlebasseng inne på RagnSells sitt område på fyllplassen. Det meste av slammet blir sedimentert og samla opp, men resten renn frå bassenget og ut i fyllingen og derifrå ut i Fanafjorden, delvis gjennom rørsystemet ut forbi Stendaholmen, og delvis ut gjennom utette rør og vidare ut i Mjølkevika.

Å snakka om at det vatnet dei har søkt om utsleppsløyve for, er «regnvann som har rent innom anleggsområdet vårt og blitt skittent av humus» slik prosjektleiar Ottesen påstår, er i beste fall berre ein del av forklaringa.

Dersom den nye søknaden betyr at det skal leggjast nytt rørsystem heilt frå samlebassenget og ut forbi Stendaholmen, er det sjølvsagt ei forbetring samanlikna med dagens situasjon, men det gir grunn til bekymring at dei vil auka slammengdene som blir pumpa ut i fjorden med 50%.

I tillegg til denne belastninga skal tunnelvaskevatn og overløpsvatn frå tunneluttaket ved Klokkarvatnet sleppast ut i fjorden på 15 meters djup vest for Fanaholmen, etter «rensing i sedimentasjonsbasseng» som det står i søknaden. Dette alternativet blei valt etter at dei ikkje fekk godkjent utslepp i Ålatrætjørna.

Det er etter mi meining uhaldbart å påføra Fanafjorden så stor miljøbelastning som tilfellet er no. Vidare dumping av miljøgifter og slam kan føra til oksygenmangel på botnen av fjorden, og fiskedød. Difor må det koma fortgang i arbeidet med å byggja ein ny avløpstunnel som kan føra det forureina vatnet over til kloakkrenseanlegget på Flesland, der det er betre straumforhold enn tilfellet er i Fanafjorden, og der det er lettare å kontrollera utsleppet. Nordåsvatnet som Fanaposten nemner, er heilt ueigna til kloakkutslepp.

Indre Fanafjord er eit fjordbasseng som har relativt dårleg utskiftning på grunn av tersklar, slik at forureining og mljøgifter vil hopa seg opp. Overløpsvatnet frå Klokkarvatnet må knytast til same avløpstunnelen. Dette må Statens Vegvesen vera med og betala, sidan det er dei som påfører Fana-samfunnet denne miljøbelastninga.

Sa ja til tre planer i Fana

Bystyret vedtok tre Fana-reguleringsplaner onsdag.

Tryti avviser nye Råstølen-blokker

Byråd Anna Elisa Tryti vil avvise hele boligprosjektet "Fanarosen" på Råstølen.

Til staben ved Fana kulturhus: Tusen takk!

Til staben ved Fana kulturhus: Tusen takk for at all profesjonell hjelp og ikke minst for alltid like hyggelig mottakelse.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten