fanaposten.no

Helge André Njåstad, Fremskrittspartiet i Hordaland. Foto: NTB Scanpix

Debatt: Sørgeleg at Vestland ikkje vil ha milliarder til veg

Meninger · Publisert 08:25, 6 mai 2020

Eg trur aldri før det har skjedd at ein fylkeskommune seier nei takk til milliarder til veg frå Stortinget. Men det er det som er i ferd med å skje i Vestland fylkeskommune der fylkesutvalet tilrår overfor fylkestinget å seie nei takk til statlege pengar til Hordfast.

Nasjonal transportplan (NTP) er delt i to deler – fyrste og andre del av planen. Stortinget behandla dagens NTP i 19. juni 2017. Der prioriterte Stortinget både E16 Bergen – Voss og E39 Hordfast med over 20 milliarder i perioden 2023 – 2029. Det er altså pengar Stortinget nyleg har sagt dei vil bruke i Vestland fylke, Vestland fylkeskommune no setter i spel. For det er klart at det svekker våre sjanser på Stortinget å sende pengar heim når me blir møtt med her borte argument om at dåke vil sjølv ikkje ha pengane. Og då fungerer det slik at det er andre regionar som forsøker å få pengane til sine prosjekt. Dei havner ikkje andre plasser i Vestland om det er det ein trur.

Difor er dette å skyte seg sjølv i foten. MDG og SV, som ikkje vil ha veg, har vunne fram. Korleis kan Ap og Sp akseptere at disse mindre partia skal få fullt gjennomslag? Vestland FrP sitt fylkesårsmøte var heldigvis tydeleg på at vi sjølvsagt skal ha dei prosjekta som allereie ligg i dagens NTP og så skal me i tillegg kjempa for nye som og er sårt tiltrengt.

Det siste Vestland no treng er omkamper, usikre signal om at vegane våre ikkje er viktig slik fleirtalet på fylkestinget no legg opp til. Heldigvis er det Stortinget og ikkje Fylkestinget som avgjer til slutt. Men det hadde vært bra å få drahjelp frå eige fylkesting og ikkje motarbeiding.

MDG og SV, som ikkje vil ha veg, har vunne fram. Korleis kan Ap og Sp akseptere at disse mindre partia skal få fullt gjennomslag?

Partilagene med felles opprop om penger til ungdomstilbud

Lokallagene til fem politiske partier har forfattet et felles brev til byrådslederen og ordføreren etter fredagens oppslag i Fanaposten

Solveig arrangerer, organiserer og kaster lengst

Noen måneder på etterskudd kunne endelig Solveig Fredriksen gå i ringen og kaste diskos med tellende resultat.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten