fanaposten.no

Skanska børster støvet av utbyggingsplanene i Fondveggen mellom Nesttun og Midtun. Oddvar Skre mener planene fra Lokal Agenda 2020 bør oppfylles. Foto: Skanska

Oppfyll "lokal agenda 2020" på Nesttun

Meninger · Publisert 13:57, 22 aug 2019

Fanaposten hadde ein reportasje fredag 16. august om dei nye byggeplanane for fondveggen bak Nesttun Senter sitt parkeringshus, under overskrifta «Tørker støv av gamle planer».

Etter at bybanen kom i 2009, er det blitt mykje meir attraktivt å bu på Nesttun, og utbygginga rundt bybanestoppet har auka. Det kan då vera av interesse å sjå kva desse nedstøva planane eigentleg gjekk ut på. Underskrivne var med på det store Lokal Agenda 2020-møtet på Nesttun i 1996, då lokalfolket på Nesttun var invitert til å koma med innspel om korleis dei ville at Nesttun skulle sjå ut i 2020, altså om eit år frå i dag. Dette resulterte som kjent i at det blei oppretta to arbeidsgrupper, nemleg Nesttunvassdragets Venner og Fana Herredstun. Som medlem i sistnemnte gruppe var eg med og fekk verna og rehabilitert dei tre «gule husene». Det tok litt tid, men i dag er alle desse tre husa langt på veg berga, det eine er blitt kulturhus, det andre aktivitetshus for Stiftelsen Sesam og det tredje – den tidlegare direktørboligen for Nesttun Uldvarefabrik – er blitt restaurert og ombygd til boligkompleks med 20 leiligheter og garasje. Dermed er ein viktig del av Nesttun sin identitet bevart for ettertida.

Men Fana Herredstun blei ikkje heilt slik me hadde tenkt. Vår plan i «Herredstunsgruppen» var å få bygd eit garasjeanlegg inne i fondveggen bak senteret og få frigjort plassen framfor kommunehuset som eit nytt byrom i tilknytning til Hardangervegen 4 og 4a. Dette blei det ikkje noko av, for kommunen reiv det eine av desse to tradisjonsrike bygningane som ville blitt ein del av det påtenkte aktivitetssenteret «Fana Herredstun», for å få plass til endå fleire bilar framfor kommunehuset. Det kom heller ikkje noko nytt garasjeanlegg i fjell, men derimot ein stor toetasjes garasje over Nesttunelva i tilknytning til senteret. Planen i Lokal Agenda var å riva dette og flytta parkeringsplassane inn i fjell, men til dags dato er dette ikkje blitt gjort.

Dei nye planane opnar likevel for at den gamle planen kan realiserast, iallfall delvis. Dersom dei to første etasjane i den 7-etasjes husrekka i fondveggen blir omgjort til parkeringshus, kan det noverande parkeringshuset rivast og bilane flyttast inn dit. Dermed kan elva opnast opp og området gjerast om til ein elvepark, i samsvar med Lokal Agenda 2020. Alt i alt blir det kanskje færre parkeringsplassar med denne løysinga, men det er jo i pakt med framtida og klimamålsettingane at bilen blir skrota til fordel for kollektive transportmiddel. Og det ville vera ein verdig måte å oppfylla målsettingane i Lokal Agenda 2020 på etter at 20-årsperioden er ferdig.

Arbeidet på Hjellestadvegen har stoppet opp

Entreprenør YIT har lagt ned arbeidet på grunn av konflikt med Statens vegvesen.

Møtte på politiet etter å ha sprayet p-hus med pulverapparat

– De to mennene er gamle nok til å vite bedre, sier politiet.

Tidenes isfest på biblioteket

Lesekampanjen «Sommerles» blir stadig mer populære blant bergensbarn. I snitt har unge bergensere lest 13,8 bøker i sommer.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten