fanaposten.no

«Pårørande til personar med store omsorgsbehov, gjer ein stor jobb» skriver Kjersti Toppe (Sp). Foto: Ole Berg-Rusten/NTB scanpix

Ny pårørandepolitikk, takk!

Meninger · Publisert 07:54, 5 mar 2020

Vår helse- og omsorgsteneste ville ikkje gått rundt, om vi som pårørande ikkje hadde brydd oss. I følgje tal frå Pårørende-
alliansen er det i dag 800 000
pårørande i Norge. Det gjeld ekte-
fellen som tek seg av kona som har fått
demens. Det gjeld pårørande til den alvorleg psykisk sjuke. Det gjeld foreldra som tek seg av sitt sterkt funksjonshemma barn. Desse gjer eit omsorgsarbeid
tilsvarande 110 000 årsverk, som er om lag like stort som innsatsen frå det offentlege.

Pårørande til personar med store omsorgsbehov, gjer ein stor jobb. Det som er uforståeleg, er at pårørandepolitikk likevel er så fråverande i det politisk ordskiftet. Frå studie av pårørande veit vi at opp mot 50 prosent av pårørande sjølv utviklar helseproblem.
Tilsyn viser at kommunar ikkje vurderer pårørande si omsorgsbyrde eller behov for avlastning. Undersøkingar viser at pårørande er bekymra for at dei ikkje får nok hjelp frå det offentlege. Dei er
bekymra for eiga helse, økonomi og stresset med å klare jobb og omsorgsrolla.

Slik kan vi ikkje ha det. Omsorgsstønad, tidlegare omsorgslønn, blei innført i 1988. I dag ser vi at ordninga ikkje fungerer slik den skal. Ifølge Pårørende-
undersøkelsen 2017 får dei fleste pårørande ikkje nokon form for økonomisk kompensasjon. Det er stor variasjon mellom kommunar i praktis-
eringa av ordninga, og det er stor ulikheit i betaling og utrekningar av timar.

Særleg kjem det tilbake-
meldingar om at foreldre til
funksjonshemma barn opplever situasjonen som tilfeldig og urettferdig.

Dette viser behovet for ein ny og betre pårørandepolitikk.
Senterpartiet har fremma forslag for Stortinget om nettopp
dette. Vi foreslår ei reell styrking av omsorgsstønadsordninga. Vi vil gi kommunar plikt til å tilby pårørande ein avtale om fast kontaktperson, rett til avlastning, opplæring, fridagar og tiltak for å ta vare på eiga helse m.m. Vi føreslår ein nasjonal opptrappingsplan for å utbygging av dagaktivitets-plassar og korttidsopphald, også for å sikre avlastning og tryggheit for pårørande.

I følgje ein nylig undersøking som Norske Kvinners Sanitets-
forening har lagt fram, svarte 6 av 10 som blir spurt at dei ønskte hjelp og støtte frå frivillige. Undersøkinga viste at kvar veke brukar pårørande i Norge i snitt 7,6 timar på å hjelpe ein pleie-
trengande slektning. Det er ein heil arbeidsdag i snitt. I framtida vil det bli enno viktigare å sikre pårørande med betre rettigheiter og støtte. Det vil koste staten pengar, men det vil vere mykje dyrare å la vere.

Undersøkinga viste at kvar veke brukar pårørande i Norge i snitt 7,6 timar på å hjelpe ein pleietrengande slektning

– Dette har blitt den nye samlingsplassen i Fana

Rett før koronaen kom, stod det nye, nedre torget på Lagunen ferdig. Nå har fanafolk smått om senn begynt å ta byrommet i bruk.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten