fanaposten.no

– Skal vi ivareta norsk kultur og norsk språk inn i framtida, må det vera mogleg å behalde historiske norske ord og omgrep sjølv om ordet «mann» eller «menn» dukkar opp der, skriver stortingsrepresentant Jenny Klinge fra Senterpartiet. Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Lensmenn og nordmenn på skraphaugen?

Meninger · Publisert 15:59, 10 feb 2021

Skal vi ivareta norsk kultur og norsk språk inn i framtida, må det vera mogleg å behalde historiske norske ord og omgrep sjølv om ordet «mann» eller «menn» dukkar opp der. Men no skal visst det meste bli såkalla kjønnsnøytralt. Sist ute er ordet lensmann, som har vorte til politiavdelingsleiar. Kvifor er det ikkje større vilje til å ta vare på norske ord og vedgå at ordet «mann» i visse ord og samansetningar godt kan dekke både kar og kvinne?

Nordmann og menneske er gode døme på såkalla problematiske ord dersom målet er at det meste skal bli kjønnsnøytralt. Ord som likemann, døgnbemanna og Spelemannsprisen bør snarast få såkalla kjønnsnøytrale erstatningar dersom ein skal gå med på premisset om at slike ord ekskluderer kvinner. Men må vi det? Nei, meiner eg heilt klart.

I etymologisk ordbok står det då også dette om ordet mann: «madr: menneske, mann». Vi kan velje om vi vil gjera det til eit problem at ordet «mann» opptrer i ord som skal dekke begge kjønn, eller om vi skal inkludere begge kjønn i slike ord. Eg stemmer for det siste. For kvifor i all verda skal vi kaste norske omgrep med lange tradisjonar på båten til fordel for framandord som også har hankjønnsform? Eit døme på dette er rådmann, som no helst skal heite kommunedirektør.

Er det vanskelegare å sjå for seg at ei kvinne kan ha stillinga som rådmann enn ei stilling med hankjønns- og framandordet direktør som tittel? Neppe. Men kommunedirektørnemninga får det til å framstå som om den som har denne stillinga dirigerer kommunen sin. Ordet direktør jo er avleidd av «å dirigere». Rådmannsnemninga fekk derimot godt fram at vedkomande gav råd til kommunestyret som igjen skulle vedta og vera ansvarleg for politikken – slik det faktisk er. Men eg er ikkje mot endringar berre for å vera det – at fylkesmann vart endra til statsforvaltar meiner eg er ei god endring, fordi den betre får fram kva rolla inneber.

Kva er det vi mistar når lensmennene no forsvinn? Jo, vi mistar både eit ord som har ei nasjonal forankring gjennom 900 år og vi mistar høvet til å tala om verdien av lensmannsetaten, som vi i Senterpartiet er veldig opptekne av. Vi må hugse at lensmannsfunksjonen har hatt - og burde hatt framover òg - ei viktig rolle i det norske samfunnet. Som ein tidlegare lensmann sa til meg; han såg seg som det fremste ombodet for lokalsamfunnet sitt for å sørgje for tryggheita der, og dette ansvaret kvilte tungt på han kvar dag.

Det er dessverre berre å slå fast at dagens regjeringsparti, med Frp og Ap på laget, har klart å leggje ned så mange lensmannskontor gjennom den såkalla nærpolitireforma at det passar dei godt å fjerne heile lensmannstittelen. Vi i Senterpartiet tenkjer derimot motsett. Vi vil styrke dei gjenverande kontora og opprette fleire lensmannskontor. Slik styrker vi lensmannsetaten og nærpolitiet og gir funksjonen lensmann ei sterkare betydning også inn i framtida.

18 nye smittede fredag

Kommunen melder om 18 nye smittede siden i går.

- Sparkesykler er ok, så lenge de ikke er til hinder

Foreløpig er det langt mellom sparkesyklene mellom Nesttun og Lagunen. Folk vi snakker med hilser dem velkommen, så lenge de ikke er til hinder.

Kommunen visste ikke om Tiers satsing i Fana

Bymiljøetaten sier det skaper utfordringer at Tier etablerte seg i Fana uten at de fikk beskjed om det. - Vi har nok vært litt raske på avtrekkeren,...

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten