fanaposten.no

Kva er det Hareide leverer?

Meninger · Publisert 20:27, 25 mar 2021

I Fanaposten 19. mars har tidlegare fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg frå KrF eit innlegg med overskrifta «Hareide leverer» om samferdselsminister Knut Arild Hareide sitt framlegg til Nasjonal Transportplan (NTP) for 2022-34.

Til grunn for dette legg ho at Regjeringa har ført opp gigantprosjektet Hordfast på NTP, slik at folk i Sunnhordland kan dagpendla til Bergen. Rett nok er det hittil berre løyvt 1 mrd kroner for første 6-årsperiode, men heile prosjektet vil koma på 37.7 mrd kroner.

Det andre store prosjektet i den 56 mrd kroner store planen er ny rassikker veg og jernbane frå Arna til Voss, eit prosjekt som, i motsetning til Hordfast vil koma i første NTP-periode og blir ønskt velkomen av eit stort fleirtal av hordalendingar, i føste rekkje Voss og Vaksdal.

Men eit anna stort vegprosjekt, som særleg Åsane bydel og Nordhordlands-kommunane har etterlyst i fleire år, er tunnelen frå Åsane senter til Klauvaneset, den såkalla Nordhordlands-tunnelen. Den er ein del av Ringveg Aust, som vil ha mykje å seia som avlastning for Bergen sentrum. Nordhordlands-tunnelen og Ringveg Aust vil avlasta ein lang og trafikkfarleg strekning av E39 gjennom bebygde strok av Åsane og Arna, der det har skjedd mange ulukker, men har ikkje fått plass på NTP.

Likevel skriv Nyborg at Hareide leverer, fordi Solberg-regjeringa har lova å byggja monsterbrua over Bjørnafjorden.

Torill Nyborg er oppteken av kor lang tid ein kan spara ved å byggja Hordfast, og ikkje så mykje på korleis prosjektet ligg i forhold til ferjealternativet når det gjeld samfunns- og klimarekneskap. Tidlegare analyser har vist at dersom Hordfast-prosjektet skal løna seg samfunnsøkonomisk, må biltrafikken over Bjørnafjorden nær femdoblast i forhold til dagens trafikk med utsleppsfrie ferjer.

Og sjølv om heile bilparken blir elektrifisert, så vil ikkje klimarekneskapen gå opp, fordi (1) produksjon av elbilar er også svært energikrevande og (2) bygging av ein 10 meter brei motorveg gjennom verneverdig myrlendt kystfuruskog på Tysnes og Stord vil sleppa ut så mykje CO2 at det tilsvarar det samla klimautsleppet frå alle kommunane i Sunnhordland.

Er det då verdt prisen med denne monsterbrua? Fleirtalet av hordalendingar seier nei. Hordfast er eit dødfødt prosjekt, og å bruka 36.7 mrd kroner på det, vil vera å gå baklengs inn i framtida.

Til hausten er det stortingsval, og det er gode sjansar for at me får eit anna stortingsfleirtal og ei raudgrøn regjering med AP, SP og SV i førarsetet. Det er førebels ikkje løyvt meir enn 1 mrd kroner til Hordfast-prosjektet, som skal gå til bru over Langenuen.

Ei slik bru vil det vera bruk for uansett kor vegen vidare skal gå. Så då får me håpa at den nye regjeringa har så pass visdom at dei skrinlegg monsterbrua og bruker pengane meir fornuftig, til dømes å få realisert den samfunnsøkonomisk lønsame Ringveg Aust og bybanen til Åsane.

Hordfast er eit dødfødt prosjekt

Streik avverget - enighet i lønnsoppgjøret

LO og NHO kom til slutt til enighet, men sier forhandlingene har vært tøffe.

Forsvarer tittelen digitalt

Skuffelsen hos musikantene var stor da helgens korpskonkurranse Hordablæsten ble avlyst. Men den gjennomføres digitalt. De regjerende mesterne,...

Kastet brus i frontruten på bil

– Ugrei adferd i trafikken, sier politiet.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten