fanaposten.no

Heia Statsbudsjettet for 2019!

Meninger · Publisert 13:47, 25 okt 2018

Regjeringa sitt statsbudsjett kjem med gode nyheiter for gamle og unge. Senior Høgre set ekstra stor pris på dei av tiltaka i statsbudsjettet for 2019 som er retta inn mot eldre og unge.

Det vert løyvd 48 millionar til kommunane i støtte til å gjennomføre arbeidet med kvalitetsreforma «Leve heile livet», slik at eldre betre kan meistre livet lengre, og ha ein trygg og verdig alderdom. 87,2 millionar vert gjevne i tilskot til oppretting av fleire heildøgns omsorgsplassar. Tilskot til 450 fleire dagaktivitetsplassar til heimebuande personar med demens. Det vert etablert eit nasjonalt eldre-, pasient- og brukarombod, for å setje meir fokus på dei eldre sin behov. Auka minstefrådrag for skatt på formue til 1,5 millionar, samt redusert maksimal eigedomsskatt frå 7 til 5 promille. Dette betyr mykje for eldre som sit med eigen bustad og har ein låg pensjon. Eldre er opptekne av å kjenne seg trygge i nærområdet sitt. Difor er det positivt at det vert løyvd midlar til ytterlegare 180 nye politiårsverk. Forsvaret vert styrkt med ein auke på 7,3 %. Dersom vi dreg ifrå lønns- og prisstiginga og den spesielle kostnadsveksten i Forsvaret, står vi framleis att med ein reell auke på kring 2,5 milliardar kroner i friske pengar. Det vert løyvd 181 millionar til styrking av arbeidet mot barnefattigdom. Eigenandelen for pasientar under 23 år i barne- og ungdomspsykiatrien vert fjerna. Det vert løyvd midlar til rekruttering av 125 psykologar til kommunane. Dette vil gje eit betre førebyggjande helsearbeid for born og unge.

Vi vonar at desse budsjettpostane vert vedtekne av Stortinget, slik Regjeringa har gjort framlegg om. Dette vil vere til det beste for både eldre og unge i heile landet.

Høyre med klimaoffensivt nytt program for Bergen

Heldigvis er der politikere i de aller fleste partier som brenner for klimasaken. Jeg er en av dem.

Naboene stilte med lift da politikerne kom på besøk

Naboer mener de planlagte blokkene på Fantoft strekker seg for høyt mot himmelen. Tirsdag kom politikerne for å se.

Kåret til Årets Natteravngruppe

Natteravnene Rådal er kåret til Årets Natteravngruppe under den store Natteravnkonferansen i Bergen.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten