fanaposten.no

– Hva er viktigst; gigantbru eller liv og helse, spør Terje Kollbotn, fylkestingsrepresentant i Raudt Vestland. Illustrasjonen viser endeforankret flytebru over Bjørnafjorden. Foto: Statens vegvesen

Gigantbru eller liv og helse først?

Meninger · Publisert 16:10, 9 mai 2020

12. mai skal Vestland fylkesting prioritere kva som er dei viktigaste samferdsleprosjekta her vest dei neste 12 åra.

Høgre og FrP meiner at Hordfast-prosjektet i Sunnhordland, med firefeltsveg, fartsgrense på 110 km/t, dramatiske natur- og miljøinngrep og ei gigantbru over Bjørnefjorden er viktigast.

Fleirtalet vil prioritere liv og helse og trafikktryggleik først. Det gjeld både ulukkesvegen Arna-Voss (E-16) og svært mange andre ras- og trafikkfarlege strekningar i heile det nye storfylket.

Ras- og trafikksikring har vore kraftig nedprioritert og forsømt av fleirtalet av fylkes- og rikspolitikarar i altfor mange år. Svært mange innbyggjarar her vest reiser framleis dagleg til skule og arbeid med hjartet i halsen og livet som innsats. Vegar er ofte stengde på grunn av ras, flaum, vinteruver eller ulukker.

På tirsdag kan endeleg denne feilprioriteringa bli retta opp i Vestland fylkesting. Stormannsgalskapen til H og FrP kan endeleg erstattast av ei lang rekkje overmodne og konkrete krav om gul midtstripe, trygge og opne vegar heile året, hyppigare, sikrare og meir miljøvenleg ferje- og snøggruter og betre kollektivtilbod. Dette er heilt i tråd med vedtaka på LO Vestland sin regionskonferanse 6.mars. LO Vestland gjekk difor ikkje inn for å ikkje prioritere Hordfast og gigantbru over Bjørnefjorden.

Det er eingong slik at når noe blir prioritert opp, må noe bli prioritert ned. Dette var eit klår svar frå LO Vestland på samferdsleminister Knut Arild Hareide si oppmoding dagen før til politikarane og innbyggjarane i Vestland fylke om å prioritere i den komande Nasjonale Transportplanen (2022-2033).

Den same prioriteringa som LO Vestland har gjort, har og Vestland Transportarbeiderforening (Fellesforbundet), Norges Lastebileier-forbund region Vest, NAF avd. Bergen og Omegn, alle miljøorganisasjonane, dei fleste kommunane, fylkesrådmannen og fleirtalet i Vestland fylkesutval gjort.

I sum vil alle desse prosjekta både styrke verdiskapinga og tryggleiken og binde fylket betre saman - og i sum kunne gje titusenvis av nye årsverk dei neste tolv åra i heile fylket.

Det var difor svært oppsiktsvekkjande at samferdsleminister Knut Arild Hareide på Vestlandsrevyen 7. mai kasta seg inn i prioriteringsdebatten før fylkestinget på tysdag og tar til orde for å prioritere både pengesluket Hordfast og ny veg og bane mellom Bergen og Voss (E-16).

Det er ingen grunn for fleirtalet i Vestland fylkesting å la seg påverke av dette utspelet – eller rettare sagt dobbeltspelet – til samferdsleministeren. Blir Hordfast-prosjektet prioritert i Vestland fylke, vil nok eingong andre livsviktige samferdsleprosjekt i resten av fylket bli prioritert ned og bli utsatt eller skrinlagt.

Det er all grunn til å kjempe for ein høgare del av det samla samferdslebudsjettet i Norge til Vestland fylke. Men ekstra statlege midlar må gå til å utbetre og trygge vegane og styrke ferje- og snøggbåttilbodet og kollektivtilbodet i heile fylket.

Det er fortsatt ingen grunn for verken KrF, AP, SP eller resten av fleirtalet i Vestland fylkesting å la seg lure av Ole Brum-politikken til «prioriteringsminister» Hareide.

Brannvesenet rykket ut til rare lyder fra pipe

Da brannvesenet åpnet feieluken til skorsteinen på Sandsli, skjønte de hva lydene var.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten