fanaposten.no

– Fins det grenser for ytringsfridomen, spør Oddvar Skre. Foto: Terje Bringsvor Nilsen, arkiv

Fins det grenser for ytringsfridomen?

Meninger · Publisert 22:24, 10 nov 2020

Det brutale drapet på ein fransk lærar og terroraksjonen mot ei kyrkje i Nice har på nytt skaka opp folk i heile Europa, og minna oss om at trass i at radikalt islam er blitt knust på slagmarka i Tsjetsjenia, Irak og Syria, så eksisterer denne kreftsvulsten på verdssamfunnet framleis i beste velgåande, berre i andre former.

Og me har på nytt fått aktualisert den gamle debatten om kor grensene for ytringsfridomen går, og om dei fins i det heile. I revolusjonens heimland Frankrike, som er eit totalt sekularisert samfunn med skarpt skilje mellom kyrkje og stat, er ytringsfridomen heilag.

I andre land, til dømes Kina, Russland og Saudi-Arabia er det annleis, men i dei fleste vestlege land blir demokrati, toleranse og ytringsfridom verdsett høgt, iallfall på papiret. Så det er ikkje så godt å vita kor grensene går. Men la oss gå ut frå at ytringsfridomen er absolutt. Det betyr at du har rett til å sjikanera, krenka, karikera og diskriminera folk med annan hudfarge, religion og etnisitet under dekke av ytringsfridomen. Men det er kanskje ikkje så lurt å gjera det likevel, sjølv om det er lovleg.

Det var dette me fekk ei ny påminning om nyleg, etter den førebels siste i rekkja av terroraksjonar som har heimsøkt Frankrike dei siste fem åra, etter at IS blei jaga ut av Syria og Irak.

Det er ein slåande likskap mellom den måten islamistar blei karikert på i satirebladet Charlie Hebdo, og den måten ortodokse jødar blei framstilt på under nazistyret i Tyskland på 1930-talet. Og me veit kva det førte til. Jødane blei utpeika som syndebukkar for alt som var gale i det tyske samfunnet, med holocaust som resultat – midt i det «siviliserte» Europa.

I dagens situasjon, og særleg etter at USA og Russland si krigføring i Irak og Syria har ført til radikalisering av den sunnimuslimske minoriteten i heile Europa, er det muslimane som blir framstilt som ei skyteskive og eit trugsmål mot vestleg demokrati. Dette er særleg tilfelle i det sekulære Frankrike, som frå før har ei mørk historie med undertrykking av den muslimske minoriteten i Nord-Afrika.

Likevel har president Macron svart på dei siste terrorangrepa ved å stramma inn endå meir på terrorlovene, noko som truleg vil auka polariseringa og gje både radikalt islam og høgre-ekstremismen ny næring.

Dersom me skal koma oss ut av denne vonde sirkelen, må det stillast krav både til storsamfunnet og til minoritetane. Det kan då vera klokt at storsamfunnet set visse grenser for ytringsfridomen, for å unngå vidare polarisering, og for å fremja integrering av minoriteter og utviklinga av eit multikulturelt samfunn.

Prest om fullskala julekrybbe: – Lærte ikke om dette på studiet

– Jeg synes at gjeteren er litt for tynnkledd‚ sier kapellan Marte Håberg Ottesen. Hun er nok en gang på vei ned fra loftet i Skjold kirke. Denne...

Sjuåring blant de elleve nye koronasmittede i Bergen

Dagens antall er 14 færre enn ukesnittet.

Gneists første serieseier

Etter 21 år med Norna-Salhus-dominans tok Gneist hjem seieren i kretsserien i friidrett for menn. – Vi er fornøyd med sesongen.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten