fanaposten.no

Med fellesnaust får folk tilgang til både strandsone og vannspeil. Foto: Kjell Magnus Økland

Fellesnaust sikrar tilgang til både strandsone og vannspeil

Meninger · Publisert 07:42, 14 mar 2021

Den seinare tids debatt viser eit engasjement for utvikling av friluftsområde ved Nordåsvatnet. Synspunkta har ofte kokt ned til for eller mot ei mogleg gangbru til Bønesholmen. I staden burde ein løfta blikket på kva ein vil med heile dette området, som nærare 100 000 menneske har utsikt og naboskap til. Sjølv om det i dag eksisterer fleire friområde rundt Nordåsvatnet er det opplagt at tilgang til strandsona er ei utfordring. Vidare er det å koma ut på vatnet vanskeleg for dei fleste, sidan det er avgrensa med båttilbod og marinaer innanfor Straume bru. Det finst likevel eit alternativ som burde vera svært aktuelt for å sikra allmenta tilgang til både strandsone og vannspeil: fellesnaust.

På YouTube forklarer Kjell Magnus Økland fellesnaust-konseptet frå A til Å.

Eit fellesnaust-anlegg bør plasserast slik at det er god tilkomst, gode sjø- og landsetjingstilhøve og nærleik til attraktivt farvatn. Fellesnaustet må ha god tilkomst, altså liggja nær kollektiv kommunikasjon, ha bilvegtilkomst, parkering i nærleiken og snuplass for tilhengar nært slippen. Nausta må sikra båtane mot sol, nedbør, tidevatn og anna væte, men kan elles vera nokså enkle i forma sidan formålet deira er å fremja aktivitet på vatnet i staden for på land.

I nausta bur båtane og tilfaret for ulike typar bruk: årer til roing, liten rigg/segl for tursegling og større rigg/segl for sportssegling. Kvar båt sitt tilfar ligg lagra på bjelkane rett over båten. På veggen finst plansje med oversyn over båtar/tilfar og på det største naustet kan naustlemen ha høve til overnatting. På sjøsida trengst høveleg slak helling, som når så langt ut at ein kan sjø- og landsetja uavhengig av tidevatn. Helst bør det ikkje vera tyngre å landsetja enn at ein person som ikkje er så sterk kan klara det åleine, stikkord: vogn og elektrisk spel med fjernkontroll.

Underteikna ser for seg at fellesnausta rommar nybygde tradisjonsbåtar i ulike storleikar, slik at det finst tilbod til både den som er åleine og til større grupper som vil utpå. Ein kan òg sjå for seg andre farkosttypar, som til dømes kano, kajakk, segljolle, SUP-brett og landstadsbåt med elektrisk påhengs. Eg vil likevel nytta høvet til å framheva tradisjonsbåtane sin store fleksibilitet med at dei både kan roast, seglast og brukast med moderat/elektrisk motorkraft. Uansett båttype er det sentralt at båtane er eigd/disponert av eit demokratisk styrt fellesskap heller enn eigd av enkeltpersonar.

Med fellesnaust kan ein oppnå fleire målsetjingar:

a) Skapa lågterskel-møtestader mellom folk i alle aldrar gjennom allment tilgjengelege fellesnaust med nybygde tradisjonsbåtar

b) Fremja fellesskap, naturopplevingar, folkehelse og folkeopplysning gjennom fysisk aktivitet i naturen

c) Vidareføra den UNESCO-oppførte kulturtradisjonen bygging og bruk av klinkbygde tradisjonsbåtar tilpassa moderne bruk

Altså: for dei same pengane som prosjektering og bygging av dei planlagde bruer til ulike øyer i Nordåsvatnet, så kan ein få til både fellesnaust på fleire sider av Nordåsvatnet og skaffa eit stort tal farkostar som ålmenta kan bruka. Slik kan det å koma seg ut på vatnet verta ein del av kvardagen for både skulebarn og andre. Med Nordåsvatnet som klasserom lærer ein seg båtvit, risikovurdering, naturkunnskap, vert betre i stand til å ta gode val som tar bærekraftige avgjersler på naturen sine vegner og ikkje minst så vert øyturen magisk.

Streik avverget - enighet i lønnsoppgjøret

LO og NHO kom til slutt til enighet, men sier forhandlingene har vært tøffe.

Forsvarer tittelen digitalt

Skuffelsen hos musikantene var stor da helgens korpskonkurranse Hordablæsten ble avlyst. Men den gjennomføres digitalt. De regjerende mesterne,...

Kastet brus i frontruten på bil

– Ugrei adferd i trafikken, sier politiet.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten