Ei av dei store, nasjonale sakene utover hausten 2021, og vidare no i 2022, har vore dei galopperande straumprisane. Me har opplevd prisar på over 8 kroner pr kwh, i tillegg kjem nettleiga.
Regjeringa var, og er, nærast handlingslamma. Mange spør seg korleis dette kan ha seg, og bortforklaringane frå regjeringshald står i kø. Dette trass i at den same regjeringa i Hurdalsplattforma klart har uttrykk at dei vil bruka handlingsrommet (i EØS-avtalen) til å sikra nasjonal kontroll over energiressursane.
Men så lenge EØS-avtalen vart erklært freda i den same plattforma, er det uråd for regjeringa å gjera noko som helst, med mindre dei skulle få EU med på det. Dette har dei vore heller tause om, dei snakkar om at me er bundne av internasjonale avtalar, og at desse ikkje kan rokkast ved. Det er rett, me er bundne av EØS-avtalen. I mars 2018 sa Solberg-regjeringa ja til ACER, energipakke 3, begge fører oss langt inn i EU sin energiunion. Diverre utgjorde større delar av noverande regjering fleirtalet som sikra dette vedtaket.
Med slike avtalar som utgangspunkt, har regjeringa rett i at dei ikkje kan gjera noko som helst. Vel, dei har kunna ytt vanlege folk økonomisk støtte til å klara skyhøge straumrekningar. Men kva kan dei gjera for industrien, kva kan dei gjera for alle dei verksemdene som ikkje vil overleva med dette prisnivået? Mange meiner at regjeringa må forhandla med EU, at dei måtte stilla krav slik at eiga energiforsyning kan sikrast til levelege prisar. Det lengste regjeringa ville strekkja seg er å foreslå for EU at dei kunne ha ein dialog om utfordringa. Tenk det! – audmjukt be om at me kan få lov til å snakka med EU.
Har dei snakka med EU om dei framleis skyhøge prisane? Har dei stilt noko krav om at det må vera nasjonal kontroll på eigne kraftressursar? Har dei fått til støttetiltak for å redda industrien? Nei og atter nei. Berre om EU sjølv vil, kan me få lov til å yta slik økonomisk støtte. Støttetiltak som kan vera samsvarande med EU sin definisjon av stats-støtte, er ulovleg, det er i strid med den frie flyten, den frie etableringsretten og forbodet mot konkurranseregulerande tiltak.
Synes me at det er greitt at det er slik? At den politiske styringa er flytta ut av landet på særs viktige og kritiske samfunns-område?
Me i Nei til EU veit at vårt svar på desse spørsmåla er eit høgt og tydeleg nei. Me har mange gonger tidlegare i denne kampen åtvara mot nettopp det som skjer no, og me ser det som ein reell fare for det gode folkestyret og det demokratiet som bør herska i eit kvart land.
Me vil kjempa vidare. Norge må ut av ACER, og me må aldri tilslutta oss nokon energiunion. Aller helst vil me sjå at heile EØS-avtalen vert erstatta av ein likeverdig, og normal handelsavtale, utan overnasjonal politisk styring.
Og for dei som måtte meina at løysinga er medlemskap, vil eg be dykk tenkja på følgjande: me utgjer vel ein prosent av folketalet i EU, vår stemme ville vega om lag det same. Under EØS-regimet er det få politikarar som torer å ta til motmæle, me innfører det som EU definerer som EØS-relevant. Er det nokon som tenkjer at me med ein prosent stemmevekt ville tora noko meir?
Me oppmodar alle til å støtta oss i denne viktige kampen.