fanaposten.no

Oddvar Skre mener Eiler Macody Lund ikke bør bli bydelsstyreleder. Foto: Arkivfoto

– Eiler Macody Lund bør ikkje bli bydelsstyreleiar

La oss heller få den gamle bydelsleiaren tilbake, eller ein annan som er meir representativ for Fana og Ytrebygda, skriv Oddvar Skre.

Meninger · Publisert 07:00, 2 okt 2019

Fanaposten melder 24. september at det nye bystyret arbeider for å oppretta på nytt ordninga med bydelsstyre, og at planen er å få opp slike i åtte bydeleer innan 1. april 2020. No ser det likevel ut til at denne datoen må forskyvast til etter stortingsvalet 2021, men det kan vera like godt, for då får bystyret og byrådet betre tid på seg til planlegging.

Dei fleste her i byen meiner at det var eit stort feilgrep og tilbakeslag for demokratiet å avskaffa ordninga med bydelsstyre.

Ordninga fungerte bra her i Fana, med ein bydelsleiar frå Høgre og ein frå Arbeidarpartiet. Avstanden mellom veljarar og politikarar blei mindre, og det blei lettare å få folk til å engasjera seg i politikk. Den noverande ordninga med byråd og heildagspolitikarar har ført til framandgjering og svekka lokaldemokrati. Mange vil helsa bydelsstyra velkomen tilbake, og det har alt begynt å melda seg kandidatar.

Ein av dei som har vore tidleg ute med sitt kandidatur, er Eiler Macody Lund, som i intervjuet med Fanaposten uttrykker ønske om å bli ny bydelsleiar i Fana, alt før det er bestemt om og når dette skal skje. Mange kjenner Macody Lund som FrP-representant frå hans tid som leiar i Komite for byutvikling og seinare byråd for same avdeling fram til 2015, der han etterfølgte Lisbeth Iversen og Filip Rygg frå KrF.

Macody Lund viste seg då som ein ivrig motstandar av natur- og miljøvern og like ivrig forkjempar for privatisering og deregulering av offentlege tenester, i tråd med FrP sin politikk. Blant anna sette han saman med det dåverande Høgre-byrådet i gang ei omfattande og ganske brutal nedbygging av grøntområder rundt Nesttun og Paradis, såkalla fortetting, og han gjekk inn for godshamn og jernbaneterminal i Raunefjorden.

I siste kommuneval gjekk mange FrP-veljarar over til det nystifta partiet «Folkeaksjonen mot bompenger» på grunn av sviket deira på regjeringsplan i bompengesaka, slik at oppslutninga her i Bergen blei nær halvert. Sjølv om Macody Lund i ettertid har meldt overgang til Høgre, er det urimeleg at ein politikar frå dette partiet og med ei slik fortid som han, skal bli bydelsleiar.

La oss heller få den gamle bydelsleiaren tilbake, eller ein annan som er meir representativ for Fana og Ytrebygda.

Sjølv om Macody Lund i ettertid har meldt overgang til Høgre, er det urimeleg at ein politikar frå dette partiet og med ei slik fortid som han, skal bli bydelsleiar.

Rolig helg i bydelen

Nyttårsrakett, bilkrasj og et utløst sprinkleranlegg forstyrret en ellers fredelig helg.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten