fanaposten.no

Dette mener Senterpartiet om bro til Bønesholmen

Skal Bønesholmen få ligge i fred? I denne kronikken besvarer Senterpartiets Hege Solbakken og Kari Øvsthus spørsmålet.

Meninger · Publisert 11:00, 16 feb 2021

Kva skjer når nokon kjem «ovanfrå» og vil forstyrre ein urørt holme og eit landskap som folk er glade i?

Kommunen vil bygge ei 80 meter lang hengebru over til vakre Bønesholmen – som har gamal verneverdig skog og fleire raudlista fugle- og planteartar. Holmen er også tenkt «tilrettelagt» med ein ny veg, badeplassar, stupebrett, grillstadar osv. Vegane skal byggast for rullestolsbrukarar og asfalterast for motorisert vedlikehald. I sum vil det bli omfattande fysiske inngrep på holmen. Tilkomstveg til brua er planlagt over marka til gardsbruket som ligg her. Brua vil bli dominerande i landskapet. Den vil også hindre ferdsel av båtar gjennom sundet. Erfaringsmessig vil tilgang til holmen tiltrekke festglade folk kveld og natt frå våren og utover. Prosjektet vil bli øydeleggande for gardsdrift, for landskapet og for hekkinga på holmen. Vil dette bli eit berekraftig prosjekt?

Kommunen grunngir prosjektet ut frå generelt behov for «tilgang for allmenheten til strandsona». Ein god intensjon, men ein bør vel heller gå ut frå behova til ulike grupper i befolkninga. Dei fleste klarer å ta seg greit fram til badeplassar, mens ulike grupper funksjonshemma har behov for tilrettelegging. Naboar viser til at Kyrkjetangen, som ligg nær ved, med langt enklare inngrep kan gjerast tilgjengeleg for t.d. rullestolsbrukarar. Her vil det også kunne opparbeidast HC-parkering. Fleire nye strandprosjekt ved Nordåsvatnet er under planlegging. Desse vil kunne gjerast allment tilgjengelege for funksjonshemma, som ein naturleg del av prosjekta.

Kvifor har prosjektet vekt så sterke motreaksjonar? Fordi folk ser at det vil gi omfattande negative følgjer. Etter at fylkesplanar for universell utforming vart vedtatt i Noreg kring år 2000, følgte ei entusiastisk «bølge» med nye planar for universelt utforma friluftsområde. Men mange av prosjekta førte til skjemmande sår i landskap, terreng og vegetasjon. Ambisjonane vart difor tona ned til færre prosjekt, i terreng utan behov for store inngrep.

LES FLERE INNLEGG I DEBATTEN:

Ja til allmen ferdsel i strandsonen

Anbefaler bro til Bønesholmen

Leder: Landbruk vs. friområde

Hvorfor ødelegge øyene i Nordåsvatnet?

Nordåsvannet for alle

Riksantikvaren mottok følgjande innspel under ei høyring for ca. 10 år sidan, til ein plan om veg for funksjonshemma i eit område med høg landskapsverdi:

«Selv om jeg er rullestolsbruker, ønsker jeg ikke at det landskapet vi kommer for å oppleve, skal bli ødelagt for å oppnå bedre tilgjengelighet for oss»!

Bønesholmen har gamal naturskog med fleire hundre år gamle furuer, ifølgje lokalkjende. Skog med tre over 160 år er verneverdig, som «gamalskog». Så gamle tre er ofte vakre «skulpturtre». Gamal naturskog rommer 85 prosent av skogens utrydningstrua artar. På holmen er også hekkande raudlista plante- og fugleartar som hønsehauk, makrellterne, grønspett m.fl. Rundt holmane i Nordåsvatnet er svært næringsrik sjøbotn for fugl og fisk. Om vinteren ligg ofte store flokkar av kvinand og ærfugl nær Bønesholmen. Bygging av bru, traktorvegar, badeområde m.m. på holmen vil gi tilstrømming av folk som vil forstyrre både det sårbare fuglelivet og vegetasjonen.

Rundt år 2000 var ternebestanden i Hordaland blitt redusert med 90 %. I 2010 var talet 97 %. Situasjonen for sjøfuglbestanden er alvorleg. Det er viktig å reservere område som Bønesholmen til både dagopphald/beiting og hekking. Ternene er våre mest fantastiske luftakrobatar. At dei kvar vår og haust flyr strekninga Noreg – Afrika Sør, inngir ærefrykt.

Terrenget på Bønesholmen er småkupert, med mykje bratte svaberg mot sjøen, og er utan flate strender. Opparbeiding av vegar, badeplassar osv. med tilgang for rullestol, vil medføre så mykje sprenging og utfylling at det vil gjere stor skade på terreng, vegetasjon og den gamle skogen. «Skånsomme inngrep» er urealistisk her. Når sola dessutan forsvinn alt tidleg ettermiddag – kan så omfattande inngrep på holmen forsvarast?

Dessutan – Skal vi alltid ha rett til å gå overalt? Det å betrakte ein holme på litt avstand kan vere langt meir pirrande for fantasien - og gi ei større naturoppleving enn det å trakke rundt på asfaltvegar….

Bønesholmen som ny festarena vil jage bort alt fugleliv. Det held å sjå på erfaringane frå Mjølkevika, Fanafjellet, Stavollen, Kyrkjetangen osv. Med dundrande høgdesible musikkanlegg, støy og skrål frå kveld til morgon blir fuglelivet fortrengt. Russefestane i Mjølkevika har jaga bort alt som før fantest av fugleliv der.

Prosjektet vil gi negative følger for gardsbruket, fordi ferdselen på ny veg vil bli så forstyrrande at marka vil bli vanskeleg å drive. Det blir ikkje bare «snille små barn» som vil ferdast på den nye vegen. Festdeltakarar kastar gjerne ølboksar, flasker osv. langs vegen, og som er livsfarleg for husdyr om det kjem inn i fôret. Risikoen for dette er størst i urbane område, der kunnskap om husdyr og landbruk diverre ikkje alltid er så god som ønskeleg.

Bønes har framleis høg landskapsverdi, trass i omfattande utbygging. Spesielt viser landskapet nær sjøen at det er eit gamalt landbruksområde. Det blir viktig framover å ikkje plukke dette grøne området vidare frå kvarandre, bit for bit. Det nye bruprosjektet vil bli eit slikt bit-prosjekt. Innmark som derimot får ligge i fred kan vere til glede både for dei som bur og besøker området.

Båtaskog på Bønes: I boka «OSELVAR – den levande båten» - opplyser forfattar Kjell Magnus Økland at nord for Os var det kun skogen på Hordnes og Bønes som hadde store nok tre for båtbygging. Den gamle furuskogen på Bønesholmen kan difor i seg sjølv vere eit kulturminne over livet i området tilbake i tid, då skogen gav tømmer både til sal og for eigen bruk på gardane.

I den vidare utviklinga i Bergen må ein synleggjere at mange av bygdelaga og lokalsamfunna har ei lang og interessant historie. Det som no kan framstå som tilfeldige fragment i landskapet kan ofte ha spelt ei viktig rolle tilbake i tid; funksjonelt eller formelt. Slike element må bli lagt som basis for ei god utvikling i det same området. Bønesholmen er eit slikt element.

Opplevinga av urørte og vakre landskap – spesielt i nærområde – blir rekna som verdifullt for folks trivsel og helse. Dette har blitt spesielt vektlagt under pandemien.Det er også ein viktig del av målet om Utjamning av folkehelse: dvs opplevingar som ikkje kostar noko, og som er likt for alle. Slike samanhengar bør bli ein premiss for byutvikling generelt - som går stadig raskare - og som ofte øydelegg det mange opplever som viktig å ta vare på. Destruering av vakker og verneverdig natur er påvist å vere nedbrytande for folks fysiske og psykiske helse. Dette gjeld både for dei som bur i slike område, og for brukarar og besøkande.

Dei mange kampane for vern av natur som også no pågår i Noreg er den beste dokumentasjonen på kor mykje landskapet betyr for folk. Vindmøller er eit stikkord. Også i Bergen bør all den nye kunnskapen om samanhengane mellom landskap, naturvern, biologisk mangfald, landbruk og folks helse bli lagt til grunn for alt vi føretar oss. Både Naturmangfaldslova og Plan- og bygningslova er stikkord her.

Konklusjonen bør vere enkel: Bygging av ei bru på 80 meter, samt asfalterte vegar og omfattande fysiske inngrep på ein urørt holme med verneverdig gamal naturskog og utryddingstrua hekkande fuglar, framstår som ikkje berekraftig i 2021. La Bønesholmen få ligge i fred!

Leder: Avlyst skolekamp

Torsdag la byrådet forslaget til ny skolebruksplan. Planen skisserer hva som skal skje med skolebygg i Bergen frem mot 2030, og frem mot april kan...

Bilverksted på Paradis blir boliger: Byrådet gir grønt lys for ny utbygging

Byrådet ga torsdag tommel opp for planen som innebærer blokk og rekkehus på tomten der Paradis Auto ligger.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten