fanaposten.no

Oddvar Skre skriver om utbyggingsplanene i Fana. Foto: Terje Bringsvor Nilsen

Debatt: Si nei til massiv utbygging på Fanaflaten og Fanastølen

Utbygging ved "Fossen" bør prioriterast, meiner Oddvar Skre.

Meninger · Publisert 15:51, 22 jun 2020

I Fanaposten 9. juni kommenterer Tor Erik H. Mathiesen planane om ny boligbygging på Fanavollen og i Sagevika (Fossen). Alle desse bustadområda ligg langs Krokeidevegen og ovanfor og nedanfor nærbutikken (Coop Extra). Det eine området, som kallast Jonsokhaugen, er alt under utbygging, rett ovanfor butikken, mens området Fanaflaten (Fanavollen) er til 2. gangs behandling og Fanastølen er førebels tatt ut av planen.

Til saman utgjer desse tre boligomårda 54 bueiningar. Det siste området er det tidlegare fabrikkområdet til Rosendahls Fabrikker i Sagevika.

Her har utbyggaren, Per Nordtveit tenkt seg 76 bueiningar, delvis som einebustader og delvis som leiligheter i dei tidlegare fabrikkbygningane, der det for 50 år sidan var arbeidsplass for nær 100 kvinner og menn, mange av dei med slekt som enno fins her på Fana.

Som fanabu og lokalhistorikar kjenner eg godt historien til alle desse områda som no skal byggast ut, og kan fullt ut slutta meg til Tor Erik Mathisen sine innvendingar. Eit viktig moment er at området ligg langt frå bybane og med bussamband med Lagunen berre ein gong i timen, noko som vil føra til auka bilbruk, som ikkje er bra for miljøet. Dette blir også påpeika av Tor Erik Mathisen.

Difor sende eg tidlegare under 1. gangs behandling inn eit høyringssvar på vegne av Naturvernforbundet Hordaland til utbygginga på Fanaflaten og Fanastølen, som gjekk inn for ei sterkt redusert utbygging der mesteparten av den dyrka jorda blei spart. Dette tok ikkje bystyret omsyn til, så dei sende planen vidare til 2. gangs behandling. Difor kjem denne saka opp igjen no.

No når Fossen-planen kjem i tillegg med 76 bueiningar, vil eg gjerne få koma med eit par kommentarar. Ut frå natur- og kulturvernomsyn meiner eg at byrådet bør gjera ei streng prioritering, for ikkje å få endå fleire bilbaserte husstandar i Fana. Her meiner eg at Fossen-planen bør prioriterast, fordi den representerer ei standardhevning av det tidlegare forfalne og forsøpla industriområdet med restane etter eit nedlagt smoltanlegg som no blir omgjort til eit attraktivt strandområde, der det som enno fins av industrikultur, blir teke vare på. Derimot meiner eg at byrådet bør tenke seg om ein gong til, og avvisa planen om massiv utbygging på Fanaflaten og Fanastølen, slik dei ligg føre no. Utbygginga medfører nedbygging av 65 daa dyrka jord og representerer ei uakseptabel trafikkbelastning. Fanabygda er alt langt på veg nedbygd, og sjøl om Fanafjellet ikkje er langt borte, så treng dei som bur her, grøne lunger og korridorar i nærmiljøet, særleg med tanke på dei unge som skal veksa opp her.

Fanavoll er dessutan ein historisk plass i Fanabygda, for det var her det største slaget stod i den såkalla «mjølkestriden», då 400 menneske samla seg i dei harde trettiåra 9. mai 1935 for å protestera mot tvangsauksjon av buskapen til Ingebrigt Fanavoll, ein av dei mange bøndene i Fana som hadde investert i nytt fjøs og utstyr like før gjeldskrisa braut ut på 1920-talet, og som difor var uvillig til å betala 3 øre ekstra pr liter for å levera mjølka til Bergensmeieriet i staden for direkte til kundar i byen.

Det høyrer med til historien at det var ingen som ville kjøpa Brigt’en sin buskap, så lensmannen måtte betala han sjøl. Denne hendinga som blir kalla «Slaget på Fanavoll» er ein del av Fana-bygda sin kollektive historie i nyare tid, før bygda blei ein del av Bergen. Difor bør Fanavollen takast vare på som ei grøn lunge og historisk minnesmerke for komande generasjonar der den ligg langs Fanaelva.

Bygging av ny brannstasjon i gang

Grunnarbeidene på ny brannstasjon i Fana er i gang.

Flytrafikken: Kraftig økning i antall passasjerer

SAS mer enn doblet sitt antall av reisende i juni, men fortsatt er det 88 prosent færre enn i fjor.

Stoppet vogntog med utslitte dekk

Statens vegvesen delte også ut tre bruksforbud i Grimesvingene.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten