fanaposten.no

Oddvar Skre mener de planlagte boligene for rusavhengige i Tusseskogen Foto: Privat / Terje Bringsvor Nilsen

Debatt: – Politikerne må verne Tusseskogen

Oddvar Skre mener de planlagte kommunale boligene i Sanddalsringen må bygges et annet sted.

Meninger · Publisert 10:00, 9 mar 2022

Fanaposten 4. mars har ein reportasje om ei sak i området mellom Sandalsringen og Kjenndalslia, der helse- og sosialetaten i Bergen planlegg å byggja omsorgsbustader for 15 menn over 25 år med rusproblem og psykiatriske lidingar (ROS) midt i eit tett boligområde ovanfor Kringlebotn skole. Bustadene skal stå ferdige i 2026.

Naturvernforbundet Hordaland meiner det er prisverdig at kommunen prøver å finna nye rustilbod utanfor Bergen sentrum. Men i dette tilfelle dreier det seg om eit populært og mykje brukt nærfriområde for barn frå dei nye byggefelta, og for barnehagar og skular i nabolaget. Området er relativt lite, ein typisk «hundremeterskog» og kallast «Tusseskogen». Det ligg i tett blandingsskog på kanten av skråningen ned mot Kringlebotn, og har vore brukt til beitemark for brukarane på Midtun og Sandalen, men har seinare grodd til med skog, både artsrik edellauvskog og granplanteskog. Planane har møtt stor motstand lokalt, og det er samla inn 754 underskrifter på krav om politisk behandling, noko som er over dobbelt så mykje som dei 300 underskriftene som trengs for å setta fram eit såkalla innbyggarinitiativ. Likevel avviste byrådet v/helsebyråd Ruth Grung kravet, som no går vidare til bystyret.

Naturvernforbundet Hordaland hadde nyleg ei liknande sak ved Helgeplasset i Fyllingsdalen der eit innbyggarinitiativ førte til at kommunen trekte tilbake planane om omsorgsboligar for psykisk utviklingshemma like ved ein lokal leike- og fotballplass med nærliggande naturområde (Benshaugen) med edellauvskog og gamle eiketre. Naturvernforbundet Hordaland meiner difor at Bergen kommune bør gjera det same her, trekkja tilbake forslaget om nedbygging av den grøne lunga i Tusseskogen, og finna alternativ plasering av omsorgsboligane for dei rusavhengige lenger oppe i Sædal-Sandalsområdet der det ikkje skaper så stor konflikt som i dette tilfelle. Det er kritikkverdig av helsebyråden å setta omsynet til dei rusavhengige opp mot omsynet til grøne lunger og leikeplassar i nærmiljøet, når det fins gode alternativ i same område, som er utan tilsvarande konfliktar.

Eg oppmodar alle som har skrive under på innbyggarinitiativet om Tusseskogen til å kontakta dei politiske partia i bystyret for å få dei til å gå mot forslaget frå helsebyråden og verna den grøne lunga i Tusseskogen.

Trafikkulykke på Bønes: Bil skal ha kjørt for langt ut på siden

To biler var involverte i en trafikkulykke ved Bønesskogen fredag ettermiddag.

– Ta dine forholdsregler

– Folk må være bevisste, og ikke gå inn i påsken og tro at det ikke skjer innbrudd, sier stasjonssjef Ronny André Øvrebotten.

11-åring slått av voksen mann

En 11 år gammel gutt skal ha blitt slått av en voksen mann på Nesttun torsdag ettermiddag.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten