fanaposten.no

Paradis er ikke det det en gang var, mener Oddvar Skre. Han håper Hesteskobygget kan vernes, slik Hilde Onarheim tar til orde for.

Debatt: Eit paradis på jord?

Når Hilde Onarheim tek til orde for å verna Hesteskobygget, møter ho seg sjølv i døra.

Meninger · Publisert 08:23, 12 jun 2019

I Fanaposten 4. juni var det eit intervju med tidlegare helsebyråd Hilde Onarheim om Paradis, og Paradis-utbygginga blir kommentert på leiarplass. Bakgrunnen er at den tradisjonsrike bedrifta Colonialen i Paradisleitet 1 - også kalla Hesteskobygget - må leggja ned drifta på grunn av vanskelege parkeringsforhold og endra handlemønster. Kolonialbutikk blei oppretta her så tidleg som i 1924 av Jens Bremer, som og var mangeårig postopnar heilt til 1961.

Les også: Leder: Hva blir igjen på Paradis?

I denne perioden var Paradis eit levande lokalsamfunn med sentrumsfunksjonar, og var sjølvforsynt med det meste. På det meste var det over 20 private bedrifter som sysselsette 60-70 personar. Mellom Bremer sine to hesteskobygg frå 1924 og 1932 var det fram til 1956 innkjørsel til Fana Brannstasjon, og på nordsida var det drosjehaldeplass. Seinare kom det bensinstasjon og busskontor i Paradis Bruk på andre sida av Sandbrekkevegen, der lå også den andre møteplassen på Paradis, som heitte Paradis Konfekt- og Thesalong, i daglegtale kalla «Thesen». I dag er det kebabbutikk.

Då brannstasjonen flytta vekk, blei Hesteskobygget ombygd til det butikkomlekset og møteplassen vi har i dag. Colonialen har frå 2008 vore på austsida. Når no Hilde Onarheim tek til orde for å verna Hesteskobygget, møter ho seg sjølv i døra. Under Høgre-byrådet 2014-17 blei det nemleg bestemt at heile det gamle Paradis skulle jamnast med jorda for å gi plass til ein ny drabantby etter modell av Lagunen, med Rema 1000 butikk og 7-800 leiligheter rundt bybanestoppet. Ei lokal velforening som kalla seg Paradis Bevaremegvel la med arkitekthjelp fram ein alternativ plan med lågare utnyttingsgrad, møteplassar og meir plass for gåande og syklande, men blei ikkje høyrt. Det er dette den noverande eigaren av Hesteskobygget, Kjartan Wilhelmsen, tenker på når han nemner at «det var et folkelig engasjement for å bevare det for 6-8 år siden, men dette forslaget ble forkastet». Men dei som forkasta det, var ikkje folk på Paradis, men byrådet og byplanleggjarane.

Det er likevel gledeleg at Hilde Onarheim har kome på betre tankar, og at ho får støtte av Fanaposten. Det er aldri for seint å snu. Grunneigar Wilhelmsen er og open for ei løysing slik at ei moderne utgåve av Hesteskobygget også i framtida kan bli ein lokal møteplass på Paradis, dersom det kan utarbeidast gode parkeringsløysingar i tilknytning til bybanen og det nye vegkrysset. Dersom Hilde Onarheim kan få sikra denne møteplassen som eit framtidig levande lokalsenter på Paradis, fortener ho honnør for innsatsen sin frå alle fanabuar.

Anna Kragh Wehn, som vaks opp på Paradis for over 100 år sidan, kalla det «et paradis på jord». Kanskje det kan bli det igjen, i staden for å gå inn i rekkja av tapte paradis?

Debatt: Høyre snakker ned Bergen

Byrådets nye arealplan vil gjøre Bergen til en mye bedre by å bo i, spesielt for barnefamilier.

Fortsatt størst i Fana og Bergen

Tross en ørliten tilbakegang kan Trym Aafløys parti glede seg over å være størst på nok en måling.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten