fanaposten.no

Debatt: Ei inkluderande kyrkje?

Meninger · Publisert 11:08, 16 sep 2020

Det stormar på nytt kring den norske kyrkja. Mange hugsar enno kyrkja sin motstand mot kvinnelege prestar på 50-talet, mot sjølvbestemt abort på 60-talet og mot homofile prestar og kyrkjeleg velsigning av homofile ekteskap på 90-talet. Kyrkja har heile tida vore bakpå og nekta å anerkjenna kvinner og homofile i kyrkjeleg samanheng, ved å visa til Paulus og andre kyrkjefedre som levde for 2000 år sidan. Nyleg blussa denne striden opp på nytt, då ein av prestane i den norske kyrkja, Mikael Peder Vevang Bruun i Sogndal gjekk ut ofentleg og nekta samarbeid med kvinnelege prestar om konfirmasjonsundervisning – av samvitsgrunnar som det heiter, og med tilvising til Paulus sine ord om at kvinner skal teia i forsamlingar.

Det er nesten ikkje til å tru at dette kan skje i vår tid, og saka burde eigentleg ha vore klar. Men då biskop Halvor Nordhaug blei intervjua om dette i Dagsnytt atten torsdag 3. september, kunne han ikkje lova representanten for konfirmantforeldra i Sogndal at han skulle setja hardt mot hardt, for han var «redd for konsekvensane». Han meinte at dersom sokneprest Bruun slutta i protest fordi han blei tvinga til å samarbeida med ein kvinneleg prest, ville mange konservative kristne melda seg ut av kyrkja. Kor mange som ville melda seg ut dersom dette ikkje skjer, såg ikkje ut til å uroa biskopen noko særleg. Førebels er det 14 utmeldingar, men dette talet kan lett bli mangedobla dersom kyrkja let denne presten få viljen sin.

I Fanaposten 15. september svarar biskop Halvor Nordhaug på kritikken i media på den unnfallande haldninga hans til kvinneprestmotstandarar, og gir kritikarane delvis rett. Men framleis er det eit par spørsmål som heng i lufta. I eit intervju med Dag og Tid 11.september utdjupar biskopen standpunktet sitt, og viser til at presteforeningen sidan 1970 har hatt nokre uoffisielle «køyrereglar» som gjorde at kvinneprestmotstandarar kunne reservera seg og slapp å halda gudstenester saman med kvinnelege prestar. Dette blei gjort for å skapa eit «godt arbeidsmiljø» i ei kyrkje der motstanden mot kvinnelege prestar framleis var sterk. Sidan den gongen har mykje endra seg, og i dag utgjer desse prestane berre eit lite mindretal. Blant desse finn me altså Mikael Bruun i Sogndal, som ikkje vil samarbeida med kvinnelege prestar om konfirmasjonsgudstenestene i bygda. Men biskopen meiner altså at kyrkja framleis må ta omsyn til desse antikverte «køyrereglane».

I intervjuet med BT seier biskop Nordhaug vidare at det vil skapa «uhaldbare konsekvensar» dersom foreldre skal kunna velja fritt kva prest som skal konfirmera ungdomane deira. Samstundes seier biskopen at Mikael Bruun ikkje er åleine om konfirmasjonsundervisninga i Sogndal. Altså er det eigentleg ikkje noko stort problem å la foreldra velja fritt, og det vil ikkje skapa uhaldbare tilstandar, men tvert imot eit godt samarbeidsmiljø i forhold til det store fleirtalet foreldre og medarbeidarar som ikkje deler Bruun sitt syn på kvinnelege prestar. Ut frå intervjuet både i BT og DT verkar det også som om biskopen høyrer til dette fleirtalet – men han vågar altså ikkje å ta konsekvensane av det. Og når det gjeld køyrereglane, så trengs det ikkje noko vedtak, fordi dei er uoffisielle, og difor er det ikkje naudsynt å endra dei. «I prinsippet fins dei ikkje», seier biskopen i følgje DT. Så kva er då problemet?

Men kyrkja har endå sjansen til å retta opp tilstanden og hindra at endå fleire melder seg ut av kyrkja, for biskopane vil i oktober drøfta kva praksis som skal følgjast vidare framover når det gjeld samarbeid med kvinneprestar. Den norske kyrkja bør då avskaffa reservasjonsretten, slik domprost Stig Lægdene tok til orde for i Vårt Land 13. august, og stå fram som forsvararar av likestilling, toleranse og nestekjærleik – i motsetning til den katolske kyrkja som biskopen viser til. Ved å bli open og inkluderande kan den norske kyrkja bli Jesu etterfølgjarar i staden for å hamna i baktroppen, slik det har vore tidlegare. Det er enno ikkje for seint.

Kraftig vind i vente på torsdag

- Det er all grunn til å sikre løse gjenstander, råder politiet.

Ti nye smittede i Bergen, og pandemien er trolig økende nasjonalt

R-tallet viser at epidemien nasjonalt sannsynligvis er økende, melder FHI.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten