fanaposten.no

I dette skogholtet vil kommunen bygge et nytt boligkompleks for rusavhengige. Foto: Terje Bringsvor Nilsen/Privat

Debatt:–   Bevar Steinsvikkroken som friområde

Meninger · Publisert 20:10, 25 jan 2021

I Fanaposten 19. januar var det stor reportasje om Steinsvikkroken, der fagetaten i Bergen kommune vil byggja seks omsorgsbustader for rusavhengige, eller «folk med spesielle behov» som det heiter.

Steinsvikkroken er eit område der det fins tre barnehagar i kort avstand, og der barn og unge ferdast dagleg på veg til bybanestopp eller skule. Dette har som venta skapt kraftige reaksjonar blant folk i nærmiljøet, noko som kom klart fram i reportasjen.

Folk i Råstølen-området reagerer også på at kommunen legg fram misvisande og ufullstendige opplysningar om bruken av området i dag, der det blir påstått at «Barnetråkk-registreringene viser at området barnehagene bruker, ligger i hovedsak utenfor planområdet», dette er direkte feil, noko som går fram av planutkastet.

LES OGSÅ:- Boliger for rusavhengige er det siste Råstølen trenger nå

Fagetaten skriv også at «Kommunen har mange ulike boliganlegg i sentrale deler av byen, der det i dag kan være en uheldig blanding av barnefamilier og enslige rusavhengige». Men det gjer altså ikkje noko om ei liknande samanblanding skjer i andre bydeler, slik som i Fana/Ytrebygda.

Her er det ein slåande mangel på konsekvens mellom bydeler. Likevel har den tidlegare natteravnen Erling Birkeland eit poeng når han i Fanaposten 22. januar påpeikar at dei rusavhengige må spreiast på fleire bydeler slik at belastninga på kvar bydel ikkje skal bli for stor.

Det er berre det at det nesten ikkje fins ein plass i Fana/Ytrebygda som passar dårlegare til omsorgsbolig for rusavhengige, enn Steinsvikkroken.

I tillegg til at det ligg midt i eit område der barn og ungdom ferdast dagleg, ligg det og ved innfallsporten til Siljustøl, som er det største og mest brukte friområdet på nordsida av Flyplassvegen mellom Lagunen og Kokstad.

Difor bør Bergen kommune senda planen tilbake til fagetaten med beskjed om å gjera ein skikkeleg konsekvensvurdering der bystyret kan velja mellom fleire alternativ. Ellers kan lett Siljustøl bli ein ny variant av Nygårdsparken, og det er det vel ingen som ønskjer. Her som elles må barns beste få førsteprioritet, og svake grupper må ikkje bli sett opp mot kvarandre.

Men det fins fleire grunnar til å gå imot planen. Både Naturvernforbundet Hordaland og Bergen Elveforum har protestert mot planane for dei vil øydeleggja eit verdifullt naturområde som også er mykje brukt som friområde. Det ligg på eit høgdedrag mellom Steinsvikkroken, Steinsvikvatnet og golfbanen, og har ein variert natur med blanding av naturleg kystfuruskog på fastmark og våtmark og myr langs bekkedalane.

Området ligg like ved der bekken frå Skeisvatnet og Steinsvikvatnet møter bekken frå Siljustøl. Steinsvikvassdraget er tidlegare klassifisert som verneverdig på grunn av sjøaurebestanden, som går opp i vassdraget, men har vore utsett for store inngrep i øvre deler, der fyllmasse er blitt dumpa rett ut i vassdraget i samband med Råstølen-utbygginga.

Og gjennom Skeisvatnet går det ein kloakkledning som fører til lekkasje av forureining til nedre deler av vassdraget og til Nordåsvatnet. Sjøaurebestanden i vassdraget er difor sterkt truga og sårbar. Det er foreslått ei stripe med kantvegetasjon ut mot Steinsvikvassdraget, men den er altfor smal, og det sperregjerdet som blir tilrådd, vil ikkje kunna hindra påverknad av forureining til vassdraget i form av miljøgifter og partiklar, verken i anleggs- eller driftsfasen.

I tillegg til omsynet til sjøaurebestanden kjem omsynet til det rike plante- og dyrelivet i området. Det er velkjent frå andre deler av Bergen at både fuglar og dyr gjerne følgjer trekkruter langs vatn og vassdrag, der det ofte er opnare terreng og tilgang på mat, hekkeplassar og grøne korridorar.

LES OGSÅ: – Respektløst og misforstått om Råstølen

Tiltaket medfører meir nedbygging i eit område som frå før har høg fortetting, noko som fører til forureining av vatn og luft, og mangel på grøne lunger og korridorar. Utbygginga bryt med Naturmangfaldlova på viktige punkt, nemleg §8 og 9, der det blir det slått fast at naturinngrep må retta seg etter «føre var-prinsippet» og kravet om kunnskapsbasert forvaltning.

Også Fylkesmannen påpeikar på at Naturmangfaldlova må følgjast, og at vassdrag med kantsoner må vektleggjast. Det omsøkte byggeprosjektet er som sagt i strid med prinsippet om trygge oppvekstmiljø for barn og ungdom, og med viktige føringar i KPA 18 om sikring av grøntområder og blågrøne strukturar.

Prosjektet bryt med alle prinsipp når det gjeld ei heilskapleg natur- og vassdragsforvaltning for eit anadromt vassdrag. Steinsvikkroken bør bevarast som natur- og friområde, og det bør finnast alternativ plasering av dei seks omsorgsboligane, etter ei ny vurdering. Difor bør bystyret gå mot prosjektet og senda saka tilbake til kommunen med beskjed om å gjera ein betre jobb.

Leder: Avlyst skolekamp

Torsdag la byrådet forslaget til ny skolebruksplan. Planen skisserer hva som skal skje med skolebygg i Bergen frem mot 2030, og frem mot april kan...

Bilverksted på Paradis blir boliger: Byrådet gir grønt lys for ny utbygging

Byrådet ga torsdag tommel opp for planen som innebærer blokk og rekkehus på tomten der Paradis Auto ligger.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten