fanaposten.no

Cruiseskipet Viking Sky ligger i Molde havn (Illustrasjonsfoto). Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Cruiseturismen stoppar oss på vegen mot klimamåla

Vi kan ikkje vente på landstraum og ny batteriteknologi som løysing på dei problema cruisenæringa gir oss vestlendingar, skriv Mona Høgli i MDG.

Meninger · Publisert 10:04, 15 jun 2019

Vi nordmenn har alltid levd av det havet og fjordane har gjeve oss. Det skal vi også gjere i framtida. Men for å greie det, må vi stanse den fossilbaserte cruisenæringa som øydelegg grunnlaget for næringane knytt til ressursane i vatnet og for turismen.

For å løyse klimakrisa, må vi gå hardt ut mot dei aktørane som bidreg til massive utslepp utan å gje noko særleg tilbake, til dømes cruiseturistane. Vi veit at desse turistane slepp ut opptil fire gonger så mykje klimagassar som flypassasjerar per kilometer samstundes som dei i liten grad bidreg til lokal verdiskaping. I den siste rapporten frå Vestlandsforsking kan vi lese at turistane fyrst og fremst reiser for cruiseopplevinga, altså det dei kan oppleve om bord, ikkje for å oppleve lokal kultur.

Klimagassutslepp fører til forsuring av havet og øydelegg med det for viktige artar og heile næringskjeder. Når vi seier ja til cruisenæringa øydelegg vi samstundes for viktige kystnæringar som er heilt avhengige av rein luft og reine fjordar. Difor seier vi i Miljøpartiet Dei Grøne nei til den fossilbaserte cruisenæringa og vil fase den ut innan 2025.

Vi kan ikkje vente på landstraum og ny batteriteknologi som løysing på dei problema cruisenæringa gir oss vestlendingar. Det hastar å redde klimaet. Dei norske breane smeltar stadig raskare, vi får meir ekstremver og fjordane våre blir forsura. Vi kjenner samanhengen mellom cruisenæringa og lokale og globale utslepp. Vi treng ikkje fleire planar, vi treng konkret handling. Vi må seie nei til cruisenæringa slik den er no.

Her er Fana videre i cupen

Susanne Berven holdt nervene under kontroll i straffekonkurransen.

Her stopper ørretbekken i steinmassene

Bekken som renner gjennom Folldalen har tidligere rommet ørret. Nå begraves den under steinmassene til Rå park-utbyggeren.

Felles åpningstider på Nesttun fra neste år

Amfi Nesttun overtar driftsansvaret for alle butikkene på Nesttun fra neste år. – Vi er glad vi har fått en avtale med Olav Thon Gruppen, sier Rune...

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten