fanaposten.no

Oddvar Skre mener Eiler Macody Lund ikke bør bli bydelsstyreleder. Foto: Arkivfoto

Bydelsleiarar bør vera samlande og inkluderande

Meninger · Publisert 11:01, 8 okt 2019

Som kommentar til Eiler Macody Lund sitt angrep på meg i Fanaposten fredag, beklagar eg så mykje at eg i innlegget den 1. oktober kom til å kalla han leiar i Komite for byutvikling i staden for vanleg medlem, og byråd for byutvikling i staden for finansbyråd.

Men det kjem truleg av at når Macody Lund er til stades på eit politisk møte, gjer han liksom meir av seg enn andre, enten det no er som komitemedlem eller som byrådsmedlem. Og det er tydeleg av innlegget hans, at han er meir oppteken av sin eigen maktposisjon enn av konsekvensane av den politikken han går inn for.

Dette fekk eg iallfall klart demonstrert då eg var til stades for å representera Naturvernforbundet og folkeaksjonen Bevar Sandalen på eit møte i Komite for byutvikling 1. april 2014.

På møtet blei eg nærmast latterleggjort av Macody Lund då eg påpeika konsekvensane av å byggja ei 5-etasjes bustadblokk i eit ras- og flaumutsett område like ved Store Nesttunvatn og våtmarksområdet der.

Mange av oss hugsar ulukka ved Hatlestad Terrasse i 2005, då tre menneske omkom og Bergen kommune måtte betala erstatning til ofra for ulukka fordi dei hadde gitt grønt lys for utbygging. Difor blei det laga kart over rasutsette stader i Bergen, og så lenge Lisbeth Iversen var byråd, blei søknader om å byggja bustadblokker på «Hansen-gården» og andre rasfarlege stader avvist av fagavdelinga i kommunen og byrådet.

Dette endra seg radikalt i 2013 då Filip Rygg overtok som byråd og Macody Lund frå FrP blei den dominerande figuren i Komite for byutvikling. Denne perioden fram til maktskiftet i 2015 fall saman med ein sterkare vekt på fortetting rundt bybanesentra, og det dåverande Høgre-byrådet sette i gang ei omfattande utbygging av grøntområder rundt bybanestoppa, der alle omsyn måtte vika for Bybanen.

AP har og tidvis vore med og støtta denne brutale nedbygginga av natur- og kulturlandskap i Fana. Men Macody Lund står som den fremste eksponenten for denne politikken. Og sjøl om det er vedteke rassikringstiltak, har ein ingen garanti for kva som kan skje i framtida med eit varsla endra klima.

Den viktigaste eigenskapen for ein bydelsleiar, er å kunna lytta til folk og vera ein samlande og inkluderande representant for bydelen. Desse eigenskapane hadde den tidlegare bydelsleiaren Eivind Hermansen, mens Eiler Macody Lund er verken samlande eller representativ, og med liten evne til å lytta til folk.

Difor ønskjer mange av oss ein annan og mindre splittande person som bydelsleiar, gjerne frå partiet Høgre.

Dersom bydelsreforma blir utsett til 2021, får me og god tid til å førebu overgangen, og eventuelt innføra direkte val på bydelsstyre, noko som ville vore ein stor fordel. Då hadde veljarane hatt noko å seia og ikkje risikert å få personar som er totalt uskikka til bydelsleiarar, og ein ville hatt eit reelt val mellom fleire alternativ.

Den viktigaste eigenskapen for ein bydelsleiar, er å kunna lytta til folk og vera ein samlande og inkluderande representant for bydelen.

Håndballsensasjonen

Fana slo serielederen på bortebane!

Marie leier gjerne ut kjolen din

Marie Perssons konsept er bra både for miljøet og for lommeboken. I tillegg kan det gjøre jakten på den perfekte kjolen langt enklere.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten