fanaposten.no

– Det spørsmålet alle stiller, er kvifor Jonas Gahr Støre påstår at han har fått garanti for norsk råderett når han må vita at regjeringa ikkje verken kan eller vil lova noko slikt, skriver Oddvar Skre i sitt innlegg. Foto: Terje Bringsvor Nilsen

- Arbeidarpartiet treng eit nytt leiarskap

Oddvar Skre raser mot partileder Jonas Gahr Støre.

Meninger · Publisert 06:45, 4 apr 2018

Leiaren i Arbeidarpartiet, Jonas Gahr Støre hevdar i eit innlegg i Fanaposten 25. mars og i mange andre aviser at ACER-saka var ein «kraftseier for Arbeiderpartiet».

Han påstår at fleirtalsvedtaket i Stortinget 22. mars om norsk tilslutning til EU sitt energibyrå ACER – i strid med fleirtalet i sitt eige parti, fagrørsla og dei andre partia på venstresida, betyr at Norge får «full råderett over egen fossekraft og energipolitikk inkludert spørsmålet om strømpris knyttet til utenlandskabler.» Støre påstår at dette er konklusjonen på den avtalen eit knapt fleirtal i AP si stortingsgruppe gjorde med regjeringspartia. Med andre ord, så har Solberg-regjeringa, i følgje Støre garantert norsk råderett over energiressursane og energipolitikken.

Det er berre den haken ved dette resonnementet at den norske regjeringa ikkje har makt til å lova noko som helst når det gjeld råderett over vasskrafta vår etter at Norge har slutta seg til ACER.

Det er berre EU-kommisjonen og EU-domstolen som kan gi slik garanti.

Det er utenkeleg at Norge får noko unntak frå denne regelen, spesielt ikkje når landet vårt ikkje eingong er medlem. Norge kunne ha reservert seg mot energibyrået ACER innanfor rammene av EØS-avtalen, men Støre og regjeringa ville ikkje det, fordi det ikkje passa inn i deira EØS-strategi.

Det spørsmålet alle stiller, er kvifor Jonas påstår at han har fått garanti for norsk råderett når han må vita at regjeringa ikkje verken kan eller vil lova noko slikt.

Kvifor lyg han med overlegg?

Svaret heng truleg saman med det faktum at Jonas Gahr Støre, saman med Gro Harlem Brundtland og Jacques Delors var arkitekten bak EØS-avtalen, ein avtale som har hatt som fremste formål å få landet vårt inn i EU bakvegen, ved å gradvis tilpassa oss og inkludera alle nye EU-direktiv i norsk lovverk utan debatt.

Tilslutninga til ACER er den største tilpassinga så langt. Det betyr at kontrollen over norsk vasskraft blir gitt til eit organ som er utanfor norsk kontroll, altså avvikling av dei 100 år gamle konsesjonslovene som har sikra norsk råderett over energiressursane.

Ut frå ein slik bakgrunn er det ikkje overraskande at Jonas Gahr Støre set all sin autoritet inn på få Stortinget til å vedta ACER-tilslutning, same kva konsekvensar det vil få for norsk natur og norske arbeidsplassar.

Det er nesten slik at eg begynner å tru dei som meiner at skuldingane om seksuell trakassering berre var eit påskot for å få fjerna Trond Giske som nestleiar, og dermed den viktigaste utfordraren til Støre om leiarvervet.

Det skal bli interessant å sjå om Arbeidarpartiet finn seg i å bli manipulert på denne måten stort lenger. Neste slag står om sjølve EØS-avtalen, ein avtale som blir framstilt som handelsavtale, men som eigentleg er totalt unødvendig for utvekslinga av varer og tenester, men er ei bit-for-bit innmelding i EU, på same måte som å setja seg på eit tog utan vita kva endestasjonen er.

Masse-exit fra Gneist

– Vi har de spillerne vi trenger, sier klubben på Liland.

Eiendommen må bevares - utbyggere vil ha vei i hagen deres

Politikerne har bestemt at Emily Hysing Dahl og Kjetil Lundes hus er bevaringsverdig. Men nå har de fått beskjed om at det kan komme vei gjennom...

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten