Haldor Telle døydde om kvelden den 16.juli etter kort tids sjukdom. Med dette har Fana Ungdomslag og kulturlivet i Fana mista ein av sine markante kulturbærarar. Haldor hadde ei ekte interesse for all folkeleg kultur, og saman med kona Elen fekk dei kjente over det ganske land når dei deltok på festivalar, kappleikar, ulike kulturarrangement og tilskipingar. I folkemusikk- og folkedansmiljøet har dei utruleg mange vener og vart sett stor pris på, dyktige og omgjengelege som dei var.
Haldor var fødd 19.3.34 i Telavåg, ei trygg og god bygd, men kor Haldor som 8-åring skulle oppleve krigens redsler både på kropp og sinn. Bygda vart ramma av krigens herjingar og ved 2. verdenskrigs slutt stod eit stort gjenreisingsarbeid framfor Telavåg.
Som godt vaksen heldt Haldor mange foredrag rundt i landet om krigen og kva verknader dette hadde for folka i Telavåg. Som tidsvitne dro han årleg med skuleklassar og organisasjonar til Krakow og synte fram konsentrasjonsleirenes ondskap. For Haldor var dette viktig, slik at det ikkje skulle skje igjen.
Vi i Fana ungdomslag møtte Elen og Haldor på 1970-talet. Dei vart raskt sett stor pris på av den store lagsflokken. Opp gjennom åra har dei, heilt fram til den siste tida, fulgt Fana Ungdomslag i opp-og nedgangstider. Alltid engasjerte, inspirerande og lette å be om å delta i ulike verv. Dei skipa begge til flotte kulturkveldar i samarbeid både med laget og med kulturkontoret i Fana på Kulturhuset på Nesttun.
Det er likevel i ulike verv lagsarbeidet og som rettleiar for dansarane i laget, vi i Fana Ungdomslag hugser Haldor best. Rettskaffen, dyktig, kunnskapsrik og omsorgsfull, alltid oppteken av å ivareta alle og skape eit godtmiljø. Med sin kjappe replikk og slagferdige humor var han alltid ein miljøskapar og gledesspreiar.
Elen og Haldor fekk i 2014 kulturprisen for Fana og Ytrebygda for det store kulturarbeidet dei har lagt ned i Fanabygda. I Fana Ungdomslag er dei begge utnemnde til heidersmedlemmer.
Våre tankar går til Elen som har mista den ho delte livet med. Vi håper framleis Elen blir å sjå i ungdomslagsarbeidet i Fana, ressursperson som ho er.
Fred over Haldor Telle sitt minne.