fanaposten.no

Astrid Haugstad Tangerås valde å leva alt det ho orka. Pågangsmotet hennar var både imponerande og inspirerande, skriv vener og naboar i Grendakoret i minneordet Foto: Privat

Vi vil minnes Astrid med glede

Astrid Haugstad Tangerås fra Nordåsgrenda gikk bort 8. juni 72 år gammel.

Folk i Fana · Publisert 11:00, 16 jun 2021

Astrid hadde budd over halvparten av sitt vaksne liv i Nordåsgrenda saman med Arild og Line då livet tok slutt.

Her fann ho seg godt til rette mellom naboar og vener, og hadde tid til å leva eit aktivt og livleg daglegliv mellom arbeid og familie. Alt før innflytting tok ho del i å planlegga og leggja til rette plassen ho og Arild ville bu på.

Innsatsen for fellesskapen heldt ho fram med også etter innflyttinga. Det strekte seg vidare enn berre burettslaget; frå politisk arbeid for likestilling for alle gjennom Norges Handikapforbund, til å jobba for kultur. Ho var i mange år styremedlem og sekretær i Fana og Ytrebygda Senioruniversitet og ho var ein kulturbrukar.

Astrid vart med i Grendakoret frå starten av. Der likte ho seg godt, og der var ho svært godt likt. Ho hadde ei stø altstemme, kom med kloke innspel og hadde lett for å få andre i godt humør. Det summa og song alltid litt i Astrid, sjølv når dei andre stemmene vart øvd inn.

Astrid sin sans for planlegging og tilrettelegging fekk mange stor glede av. Ting ordna seg liksom, nærast av seg sjølv, utan så mykje om og men. Når Grendakoret la ut på dei mange reisene sine, låg Astrid sin reiseplan og bookingar i botn og borga for god tur.

Astrid var også motoren til ein avleggjar av Grendakoret – kortklubben Spardame, som den etter kvart vart kalla. Det utvikla seg snøgt til jamne og trivelege møte i Grendahuset, og med eit par hytteturar kvart år.

I Grenda var Astrid synleg. Ho heldt god fart i rullestolen sin, og det var få ting som ikkje let seg gjera. Ho levde lenge med kreftsjukdomen. Og ho valde å leva alt det ho orka, sjølv om kreftene minka. Pågangsmotet hennar var både imponerande og inspirerande.

Vi tenkjer på Arild, Line og Simon i sorga. Og vi vil minnast Astrid med glede.

Arbeidsledigheten øker - høyest i Bergen

Ved utgangen av juli er 9894 personer helt arbeidsledige i Vestland. Over halvparten av de ledige bor i Bergen.

62 nye smittede: Venter til neste uke med å avgjøre tiltak

Dersom smitten ikke avtar, anbefales kommunen å innføre tiltak.

Listhaug vil ha omkamp om Grimstadvegen

Sylvi Listhaug kom til Hammersland med løfter om å prioritere Grimstadvegen. - Politikerne har allerede gitt oss en omkamp. Vi kommer til å gi dem en...

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten