fanaposten.no

Nærmere 60 barn stilte med startnummer da Fana IL inviterte til skikarusell i drømmeforhold på Riple torsdag kveld. Foto: Arne Staveland, Fana IL

Kulde, snø, ski, stjerner, bollar og saft

60 born stilte med startnummer da Fana IL baud til skikarusell i skieldoradoet Riple torsdag kveld.

Folk i Fana · Publisert 15:30, 20 jan 2023

Ein strålande kveld der nærare 60 born stilte med startnummer. Dersom dei vaksne også hadde hatt startnummer kunne me raskt rekna 150 startande. Men i dag var det borna sin kveld.

Dei vaksne si rolle var å få borna til Totland, hjelpe til med å få på og av ski, tørke ei tåre eller to og rett og slett vere ein god støttespelar for ungane. Det er faktisk ei svært viktig oppgåve

Dersom snøen vert liggjande så vert det fleire slike kveldar.

–I dette området må me arrangere Adhock og hive oss rundt når snøen er her, fortel Kjersti Helle.

Arrangør var Fana IL med Kjersti Helle i førarsetet. Arne H. Staveland, som andrepilot var også strålande fornøgd med oppmøtet.

– Me var litt spente på om det ville kome nokon i det heile tatt, men dette viser ei blømande interesse for skisporten. Me skal få til fleire liknande arrangement.

Boller og litt i koppen må til når man har gått skirenn. Foto: Arne Staveland, Fana IL

Stort potensiale

Klubben har hatt ein god haust og forvinter når det gjeldt deltaking på treningar.

– Det er ekstra kjekt og motiverande når det kjem medlemer heilt ifrå Austevoll», seier Arne.

– Dette syner at det er eit stort potensiale for å delta på ski. Ungane må berre «røske» litt i foreldra så dei kjem seg opp av gostolen. Dette handlar også om folkehelse. Ei stadig større utfordring for generasjonen som veks opp i dag, seier Anne Lise Leiren Mastervik.

Mange voksne hadde også funnet frem skiene når de fulgte sine unge håpefulle til skikarusell. Foto: Anne Lise Leiren Mastervik, Hordaland skikrets

Ho er tilsett som skiklubbutviklar i Hordaland Skikrets. Saman med administrasjonssjef Bernt Rusten, jobbar ho tett opp til klubbane med bla rekruttering, renn og utvikling.

Som stjerner på himmelen

Telenorkarusellen er eit arrangementskonsept i regi av Norges Skiforbund. Alle skigreiner kan søkje om å arrangere, og alderssegmentet for deltaking er opp til 12 år. Renna skal vere lette å arrangere. Alle løparar har startnummer og får premie ved målgang.

Med startnummer på startstreken og ei pipande og tikkande startklokka la ungane i veg ut i løypa. Smilande og med like mange stjerner i augene som det finnes på himmelen. Himmel på jord, syng Kurt Nilsen om. Kan hende dette har ein viss overføringsverdi.

Bålpannen var fyrt opp så det var mulig å varme seg litt mellom slagene. Foto: Anne Lise Leiren Mastervik, Hordaland skikrets

Løypa var markert med fine fargar på kjeglene, slik at det var lett å finne fram. Orgeltramp, oppoverbakkar og nedoverbakkar. Det byrja å nerme seg ei krossløype for ski.

Elementa med hopp og orgeltramp vert liggjande så lenge det er snø på Riple og Totland. Eit eldorado nær Bergen sentrum, eit eldorado for rekruttering og skiutvikling.

Rekruttering

Fana IL har også planar om å lage til Skisprell, saman med TIF Viking. Dette er det nye rekrutteringskonseptet til Norges Skiforbund, i samarbeid med skikretsane og klubbane. Utforminga her skal vere leikande, uformell, sosial og utan startnummer eller tidtaking. Dette er også eit ledd i rekrutteringa.

Skigleden lyste av både store og små, og mildværet kommer ikke før søndag, så det er flere som kan nyte en skidag på fjellet. Foto: Anne Lise Leiren Mastervik, Hordaland skikrets

Om to år er det VM på ski i Trondheim. Skinasjonen Norge skal levere entusiasme, heiagjeng, utøvarar og god stemning. Det er mulig når me ser kva dei fekk til på Riple på torsdag.

Skiføret holder i det minste fram til sundag, så det er moglegheiter for fleire å få seg ein skitur.

Seksbarnsmor åpner bakeri

Zorica (55) vil gi folk østeuropeisk smak av fellesskap og mindre stress. Fredag gjenåpner bakeriutsalg på Nesttun. – Jeg har alltid hatt lyst å...

Serieforfatteren Torill skriver ett kapitel om dagen

Torill Karina Børnes fra Espeland i Blomsterdalen feirer i år 10 årsjubileum som serieforfatter. Jubileet feirer hun med en ny serie fra Fjærland.

Fly mistet all motorkraft over Flesland

Et Widerøe-fly var en kort periode helt uten motorkraft under innflyging til Bergen lufthavn i januar 2020. Det kommer fram i en rapport fra...

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten