fanaposten.no

ÅLEINE MOT VERDA? Miljøpartiet De Grønne svarar Bybo.

Zero Village Bergen åleine mot verda

Det nyttar lite å forske på kor energieffektiv bygningskroppen er, når kritiske tilhøve for god byutvikling er fråverande.

Meninger · Publisert 08:52, 24 jul 2017

7. juli går prosjektleiar Thorbjørn Haug ut mot Miljøpartiet De Grønne i Fanaposten og hevdar at vi har lita forståing for samfunnsnytta av Zero Village Bergen si forsking på miljøvennleg bygging.

Haug har rett i dette og det er fordi prosjektet ikkje har tatt omsyn til dei politiske signala frå Hordaland Fylkeskommune, Miljøverndepartementet eller Fylkesmannen. Dersom representantane for Zero Village Bergen løftar blikket frå bygging til byutvikling vil MDG vere dei første til å stille seg bak prosjektet.

Føresetnaden for Miljøverndepartementet si godkjenning av området er heilskaplege løysingar for miljøvennleg transport og avgrensing av byggeområdet. Fylkesdelplanen for Hordaland legg vekt på at bustader bør plasserast nær senter og knutepunkt. Det er lite som tyder på at det er gjort strukturelle grep for å komme myndigheitene i møte. Derfor kan heller ikkje gruppa bak Zero Village Bergen bli overraska over at MDG saman med Fylkesmannen framleis ikkje er positive til prosjektet.

Zero Village Bergen fører med seg nedbygging av natur, krev utbygging av ny infrastruktur framfor å bruke eksisterande og kombinerer i liten grad nærings- og bustadareal. Når så kritiske tilhøve for god byutvikling er fråverande, nytter det lite å forske på kor energieffektiv bygningskroppen er eller å kompensere med transportmidler som vert drivne med solenergi. Det finst mykje kunnskap om nullutsleppsbustader og slike hus blir allereie bygd i Norge i dag. Bygningsteknologi som skal utviklast ubunden frå ein bymessig samanheng kan heller utviklast i eit laboratorium. Det som manglar er integrasjon av etablert kunnskap i ein heilskapleg samanheng. Vauhbahn er eit liknande prosjekt i Freiburg i Tyskland, som har fått til dette. Berekraftig byplanlegging må klare å kombinere nasjonale omsyn med lokale løysingar for energi og transport, medrekna lavt energiforbruk i sjølve bygget. Sistnemnde framstår glimrande løyst i Zero Village Bergen, men er likevel ikkje tilstrekkeleg til å bøte for den manglande heilskapen.

Haug påpeiker rettmessig at det føregår bustadutbygging i nabokommunane til Bergen som genererer trafikk. Dette er ei utfordring som alle storbyane i Norge deler og det blir ikkje betre om også storbyane skal drive med bilbasert utbygging. MDG meiner at her ligg løysinga i forbetring av nasjonalt regelverk med bypakkar som finansierer kollektivtrafikk, strengare krav til fortetting og samlokalisering av bygging og kollektivtransport.

Sørlege delar av Bergen er prega av byggesynder allereie i dag. Her finst store kontorareal og mange arbeidsplassar utan bymessig samanheng, kvartalstruktur og formålsblanding. Dette skaper eit massivt transportbehov frå andre område i Bergen. Flyplassen og støy frå denne saman med arealkrevjande industri har noko av skulda for underdekninga av bustader i området, men vidare utbygging som heller ikkje står i ein bymessig sammenheng er ikkje ei god løsning. For MDG er det eit viktig mål å hindre byspredning, definert av FN som ei av dei største globale utfordringene i vår tid. Vi meiner derfor at Zero Village Bergen har større bymessig potensiale enn det som er på bordet i dag.

Marthe til karate-VM

Marthe Bjordal (18 år) fra Nordås Karateklubb skal i helgen delta i VM i JKA Karate i Limerick i Irland.

Derfor frykter han ikke Rema-konkurransen

Ny avtale med Norgesgruppen har gitt rekordår for Bunnpris Steinsviken. Torbjørn Pedersen tror det vil fortsette.

Vi gifter oss

Marianne Nygaard og Adrian Ardal, gifter seg lørdag 19. august. Vi ønsker de en strålende dag og alt godt for fremtiden! Beste hilsener fra...

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten