fanaposten.no

Sigmund Haug skriv om at det går store utgifter med til parkering på Nesttun, både i form av bøter og P-billettar.

Kva er det med Nesttun?

Det er skremmande at eg har lagt ut nokre tusenlappar i parkering og parkeringsbøter på Nesttun berre på nokre få år, skriv Sigmund Haug.

Meninger · Publisert 19:44, 6 des 2017

No ein kveld etter klokka seks parkerte eg bilen og kom meg inn til Ark Bokhandel med nokre julehefte, og så var eg ein kort tur på apoteket. Det tok ikkje mange minuttar, men 15 kroner i parkering.

Laurdagskvelden den 25. november sette eg og kameraten bilen frå oss ved kyrkja. Ingen plakat om arrangement. Me kjende oss trygge, tok Bybanen og kom oss greitt fram til Terminus Hotell der gamle brigadesoldatar var samla til fest.

Ei koseleg stund med god mat og drikke og mimring frå ei tid som ein gong var og som sjølvsagt aldri kjem att. Tango og vals og gamle soldatsongar – We`ll meet again – don`t know where – don`t know when… (Vera Lynn er hundre år og enno oppegåande)

Bybanen heimatt og til kyrkja der bilen var parkert. Og der vart me helsa med ein plastlapp på frontruta. Parkeringsbot kr 600,-.

Går desse pengane til Birkeland menighet, så lukke til! Men her kjem fleire tilstellingar: Sundagskvelden hadde Fana Mållag bokkveld i den vesle salen i Kulturhuset. Eg parkerte bilen i parkeringshuset. Det gjekk nokre timar med eit festleg program og hyggjelege samtalar og jamvel ein svingom i kveld òg!

Glad og i godt humør gjekk eg til Parkeringshuset der bilen var. Men kva kosta parkeringa desse timane eg hadde vore i Kulturhuset?

Eg kvapp til! 75 kroner å betala før eg kunne koma meg forbi bommen. Det er litt skremmande å tenkja på at eg har lagt ut nokre tusenlappar i parkering og parkeringsbøter på Nesttun berre på nokre få år.

No kunne eg ha lagt ut i det vide og breie, som det gjerne heiter, eg som har vore heimehøyrande i Nesttun-området frå 1957, men eg skal slutta av med følgjande: Det er serleg to yrkesgrupper eg har stor vyrdnad for, og det er bønder og kjøpmenn. Dei er ikkje fastlønna, og dei må derfor planleggja med stor omtanke i alt dei skal ha føre seg for å overleva i eit krevjande samfunn!

Kva er det med kjøpmennene på Nesttun som beint fram jagar kundane sine til butikkar i nærmiljøet der ein kan parkera gratis, eller i minste fall for to timar?

Hvor er Fana-nissen i dag?

Følg Fanapostens julekalender!

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten