fanaposten.no

Det er mye i Rådalen som ikke ser bra ut. Foto: Terje Bringsvor Nilsen

Hjartesukk frå Rådalen

Eg sit med eit inntrykk av at kommunen verken ynskjer eller evner å ta tak i problema, skriv Egil Helle.

Meninger · Publisert 19:27, 28 jun 2017

Fredag 23 juni kunne vi i Fana-
posten lese om «Alvorleg giftfunn» i Rådalen. Byråd Tryti hadde utalte til avisa BA at «byrådet tar miljø-
gifter svært alvorlig, både som
helse- og miljøproblem.» Som mangeårig bebuar i Rådalen må eg diverre seie at dette mildt sagt berre er tull. Korkje sittande politisk leiing, eller dei tidlegare har hatt så høge tankar om dette området. Eg har hatt ein del kontakt med Bergen kommune opp i gjennom åra om diverse saker i Rådalen, og sit igjen med eit inntrykk av at kommunen verken ynskjer eller evner å ta tak i problema.

Når det gjeld miljøgiftene i det gamle deponiet så er dette godt kjent for Bergen kommune.
Deponiet var i si tid opent for alle, og her kom blant anna lastebilar på kveldstid og dumpa miljø-
farleg avfall frå bedriftene i Bergen. Nest i Skeievegen har det i mange år vore ei oppkomme frå deponiet, som frå tid til anna har satt heile vegen under vatn. Det er omlag ti år sidan eg fyrste gong tok kontakt med kommunen om dette. Prøver blei tekne og sendt til analyse. Resultata av desse har Bergen kommune sitje på i mange år.
Sidan har eg av og til vore i kontakt med både kommunen og Bir, for å høyre om noko skjer. Det einaste som har skjedd er at det blei grava større avløp frå Hordnesveien og ned til badeplassen i Melkeviken. Eg skreiv då til Bergen og omland Friluftsråd om det verkeleg var naudsynt å føre det forureina
vatnet frå deponiet ned til den
finaste delen av badeplassen. Det var det visst, og det var visst entreprenøren som meinte det var best slik.

Skeievegen er ein kommunal veg. Her har eg plukka mange
sekker med boss opp gjennom åra. Når det kjem ein kuling, fyk det plastavfall blant anna frå Ragn-Sells sit anlegg her i Rådalen. «Ein del av kretsløpet» er visst mottoet deira. Dette kjem i tilegg til det ein del folk diverre hiv i frå seg langs vegen. Ein gong var eg så freidig at eg ringte til kommunen for å spørje om dei kunne tenkje seg å plukke litt avfall sidan det no ein gong var dei som åtte vegen og grøftekantane. Det kunne dei i alle fall ikkje det året, fordi det ikkje var midla på budsjettet. Og det var lite truleg at det var midlar året etter heller.

I Skeielia, nord for Bir sit anlegg ligg det eit privat industriområdet tett til Skeie skule og bustadfelt. Området er ikkje regulert for industri, men det er vel gjerne ikkje så viktig. For eit godt år sidan
etablerte det seg eit firma som dreiv med sandblåsing, meir eller mindre til alle døgnets tider. Dette er svært støyande aktivitet, i tillegg til at dei forureina massane rann rett ned i avløpet for overflatevatn og ned i Skeivatnet. På ny tok eg kontakt med Bergen kommune, som kom og såg og målte støy. Dama som eg snakka med var trivelig nok ho. Ein anna byråkrat var mindre trivelig, og kunne fortelje meg at dei hadde viktigare ting å drive med en ulovleg industriverksemd. Etter ein del om og men fekk eg til svar at det gjerne var fylkeskommunen som måtte sjå på saka. Slik gjekk no tida, men etter om lag ti månadar med støy og forureining flytta heldigvis verksemda, og kort tid etter kunne fylkeskommunen fortelje at dei ikkje hadde hatt løyve til slik drift.

No skal vi endeleg få gang og sykkelveg i delar av Skeievegen. Det er veldig bra. For om lag åtte år sidan skreiv eg til trafikketaten (Bymiljøetaten heiter det visst no) at det burde vore det både i Skeielia og i Skeievegen. Det er svært mange ungar som går og syklar her, blant anna til og frå trening på Bjarg idrettslag sitt anlegg på Stavollen. Eg fikk då beskjed om at det ikkje kunne la seg gjere med

Skeielia, for dei hadde nett laga ein tiårsplan der denne vegen ikkje var med. No er det heldigvis berre eit par år til eg kan komme med forslaget på nytt. Til informasjon er det dagleg fleire hundre passeringar av tyngre køyrety her, og fartsgrensa er 60.

I fjor var eg på informasjonsmøte om nytt biogassanlegg i
Rådalen. Det var flotte greier fikk vi høyre av dei trivelege representantane frå kommunen og utbyggjar. Anlegget var rett og slett idiotsikkert, og ingen ting kunne gå gale. Då anlegget sto ferdig, og skulle takast i bruk gikk det ikkje lang tid før det lak gass like vel. Innkøyringsproblem sto det å lese i avisa.

Til alt overmål kunne eg i same utgåve av Fanaposten som omtala innleiingsvis lese om reguleringsplan og planprogram i for «Rå-
dalen miljøpark». Foreløpig 1000 dekar med industriområde ynskjer dei visst. So blir brura sminka og døypt «miljøpark» Det er berre og ta seg ein tur og sjå korleis det ser ut inne på området som allereie er i bruk i dag, så ser ein kor sterkt miljøengasjementet er. Bergen kommune og verksemdene i området har gjennom mange år vist total mangel på både vilje og evne til å ta tak i dei utfordringane Rådalen har. Eg synes dette prosjektet burde stoppast allereie no, og at dei heller kunne ta tak i dagens situasjon. Det er mange kommunar på vestlandet som kunne tenke seg meir næring, og som vonleg også har både evner og vilje til å forvalte det på ein god måte.

Til slutt vil eg seie at det nok er mange trivelege både politikara og byråkratar i Bergen, men som instans er dei syrgjelig dårlege til å utføre mange av sine oppgåver. Kanskje burde politikarane leite litt i krikar og krokar og sjå om dei kunne finne noko gamalt valkampmateriell og børste støv av. Så kunne dei sitje og mimre litt over kva dei gikk til val på for eit par år sidan.

Kunne ikke betale, ødela taksameter

Den kvinnelige taxi-kunden ble politianmeldt.

Slipper operasjon

Bakspiller Marthe Heggøy håper å være tilbake på banen til jul.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten