fanaposten.no

– Det er semje mellom helseforskarar om at global oppvarming er den største trusselen mot helse i vårt hundreår, skriver Gunnar Kvåle, professor emeritus, Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen.

Gjer valet til eit vendepunkt for klima

Meninger · Publisert 09:18, 8 sep 2017

Det er semje mellom helseforskarar om at global oppvarming er den største trusselen mot helse i vårt hundreår. Alt no ved ei oppvarming på vel ein grad, ser vi store skader. I år har vi opplevd sterk hete, tørke og brannar i Sør-Europa. No er vi vitne til det same i California. Forsking viser at vi i dei komande 10-åra må rekna med ei sterke auke av dødsfall på grunn av hete, både i Europa og ikkje minst i varmare strøk. Dersom utsleppa held fram som no, vil temperaturen nå eit nær døyeleg nivå i mange område i tropene.

Flaumar som den vi nett har sett i Texas og den som no herjar i store deler av Søraust-Asia, er eit forvarsel om kva vi kan venta oss meir av. I India, Bangladesh og Nepal er mange 10-tals millionar råka, og det er meldt om meir enn 1000 omkomne. Konsekvensane av vidare global oppvarming kan vera endå sterkare orkanar og større nedbørsmengder. Store landområde vil då bli ubebuelege.

Det hastar difor med kutt i klimagassutsleppa. Noreg har skrive under på Parisavtalen om at global oppvarming må begrensast til godt under to grader, helst ned mot 1,5 grad. For å unngå meir enn 1,5 grad, er det i fylgje Det internasjonale energibyrået ikkje plass til utslepp frå olje, kol og gass etter 2040. Det er då svært uansvarleg å leggja opp til å leita etter meir olje og gass i Barentshavet med tanke på produksjon i mange 10-år framover.

Trass i dette prøver Olje- og energiminister Terje Søviknes å skræma oss med at velferdsstaten er truga dersom vi ikkje opnar nye felt i nord. Men sanninga er det motsette. Norsk oljeproduksjon skadar helse og velferd. Sjefen for Earth Institute ved Columbia University, den verdkjende økonomen Jeffrey Sachs, seier dette om norsk oljeutvinning i Arktis: «De vil sløsa bort pengane og øydeleggja jorda.» Det er på høg tid at politikarar frå dei store partia i Noreg forstår dette og går inn for å bremsa norsk oljeproduksjon, slik Klimavalalliansen krev!

Det er ikkje for seint å snu. Klimavalalliansen sitt hefte om fornybarsamfunnet viser at naudsynte endringar er fullt muleg. Vi treng fleire politikarar som set alt inn på å endra kurs. Gjer valet til eit vendepunkt for klima. Saman kan vi skapa ei betre framtid!

Fakta om Klimavalgalliansen

Klimavalalliansen er en partipolitisk uavhengig allianse med over 60 organisasjoner som mobiliserar for å få klima høgre opp på den politiske dagsorden. I tillegg til norske klima- og miljøorganisasjoner er kyrkja, andre religiøse og livssyns-organisasjonar og store deler av fagbevegelsen med

Klimavalalliansen krev

• Kutt i norske klimagassutslepp i tråd med Paris-avtalen

• Brems norsk oljeutvinning

• Invester i klimaløysningane

• Skap ei rettferdig omstilling – 100.000 nye klimajobber no

• Større internasjonal klimarettferdighet

Kunne ikke betale, ødela taksameter

Den kvinnelige taxi-kunden ble politianmeldt.

Slipper operasjon

Bakspiller Marthe Heggøy håper å være tilbake på banen til jul.

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten