fanaposten.no

Terje Breivik er stolt av Venstre sine bidrag for grøne verdiar. Foto: Venstre

Eit budsjett for framtida

Meninger · Publisert 13:22, 13 jun 2017

Onsdag 7. juni vart Venstre samde med regjeringa og KrF om revidert nasjonalbudsjett. Venstre har prioritert fleire nye jobbar, mindre barnefattigdom og eit hav utan plast. I tillegg har betre undervisning til elevar gjennom meir vidareutdanning av lærarar vore viktig.

Ei viktig sak for oss har vore å styrka dei sosiale rettane til sjølvstendig næringsdrivande. No får dei betre sjukeløn og utvida pensjon. Dette vil gjere det lettare å starte eige selskap I tillegg har vi gjort tilgangen på risikokapital lettare gjennom å gje skattelette for investeringar i nystarta bedrifter.

Høgare utdanning er heilt avgjerande for å ruste Norge for framtida. No har vi mellom anna fått til 250 nye studieplassar innan IKT. Eg er òg veldig glad for at vidareutdanningstilbodet til lærarar vert utvida til å gjelde fleire fag frå 2018. Det er viktig for at elevane skal få best mogleg undervising og gode skulekvardagar.

Men ei av dei mest sårbare gruppa i samfunnet, er borna. Venstre har alltid jobba for at barn ikkje skal vokse opp i fattigdom. Alle barn skal ha dei same moglegheiter i livet, uansett kor mykje pengar foreldra deira har. Difor har vi sikra gratis kjernetid i barnehage for låginntektsfamiliar. Fleire barn får no glede av tilbodet. Vi aukar inntektsgrensa for familiane til 450 000 kronar. Vi gir òg 25 millionar kronar meir til innsats mot barnefattigdom. Det er mellom anna ei øyremerking til sommarleir for barn i familiar med rusproblem.

Den siste tida har ein lest om nye krav til kartlegging av skred- og flaumfare før folk får lov til å bygge hus. Dette arbeidet frå NVE si side går alt for tregt. I mange kommunar her på Vestlandet er det i praksis innført byggeforbod fram til staten får kartlagt områda ordentleg. Dette er uhaldbart. Difor har Venstre fått inn ytterlegare 5 millionar kronar i ressursar til NVE så dei får fart på dette viktige arbeidet.

Ein av dei viktigaste sakane i vår tid er miljø og klima. Spesielt havet er trua. I mai har eg plukka mykje plast saman med engasjerte folk som brukar fridagane sine til å fjerne plast langs fjordane våre. Imponerande og inspirerande, men ikkje nok. Vi på Stortinget har òg eit ansvar for å halde havet reint. Eg er difor glad for at Venstre sikrar 20 millionar kronar ekstra for tiltak til eit hav utan plast.

Sjølv statskassa er ikkje utømeleg. Venstre vil ha eit ansvarleg budsjett. Difor er alle auka utgiftar motsvart av lågare utgiftar på andre postar, så oljepengebruken ikkje vert større. Dette er det siste budsjettforliket i denne stortingsperioden - og eg er kjempeglad for at vi no gjer Norge godt budde på tida som kjem. Venstre er på lag med framtida. Men vi må fortsette å satse på ho - gjennom ein betre skule, trygge arbeidsplassar og grøn vekst.

Vi på Stortinget har òg eit ansvar for å halde havet reint

Halla, Avinor!

– Når ble det «sykt digg» å slippe ut et kvart tonn CO2? spør Øyunn Stokkeland Kåset (17).

Adresse: Østre Nesttunveg 6, 5221 Nesttun.
Åpningstider: mandag – fredag 09.00-16.00.
Organisasjonsnummer: 939541489

Sentralbord: 55 11 80 10
Tips: tips@fanaposten.no


Ikke fått avis, eller henvendelser om abonnement?
Ring 23 33 91 58 eller send epost til fanaposten@mediaconnect.no

Fanaposten arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Den som mener seg rammet av urettmessig avisomtale oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Det er også mulig å ta kontakt med Pressens Faglige Utvalg (PFU), et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot pressen i presseetiske spørsmål.

Fakturainformasjon:
Vi mottar kun elektroniske faktura (EHF eller pdf): regnskap@mbkonsern.no
Les mer om efaktura her.


Ansvarlig redaktør: Ståle Melhus, 982 17 445
Daglig leder: Kenneth Dahling, 952 24 714

© Fanaposten